– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Danseførestilling: Føniks

lau08jun14:00lau15:00Danseførestilling: FøniksGratis/Utandørs14:00 - 15:00(GMT+00:00)

Om arr.

Storeteigen byr på utandørs danseførestiling – hald av laurdag 8. juni kl 14 for ei oppleving utanom det vanlege!

Danseframsyninga byggjer på myten om Fugl Føniks som brenn ut, døyr og deretter gjenoppstår frå si eiga aske. Koreograf Marit Loe Bjørnstad arbeider med inspirasjon frå regenerativ dyrking, og undersøker korleis jord som metafor for kropp, dans og kunnskap kan overførast til ein kunstnerisk prosess. Det har resultert i eit vitalt og leikent uttrykk som samtidig gir publikum rom til å dvele ved det som utspeler seg. Publikum står fritt til å røre seg slik dei ønsker i sceneområdet.

I tillegg til Storeteigen vert Føniks i år vist under Generasjonsfestivalen (Bergen), Moster 2024 (Bømlo), Polleringshagen (Øygarden) og Vingarden på Jølst (Sunnfjord).
Føniks er eit vestlandsprosjekt og skal dei komande åra visast i alle kommunane i Vestland fylke.

Forestillinga er gratis og open for alle.

Kunstnarleg medverkande:
Koreograf og prosjektleiar: Marit Loe Bjørnstad
Dansarar: Brita Grov, Berit Einemo Frøysland, Elisabeth Breen Berger, Katja Nyquist, June Katrine Lysjø
Kostyme: Natalie Seifert Eliassen
Dramaturg: Gulli Sekse
Produsent: Bergen Dansesenter ved Sølvi Katrine Andersen
Co-produsent: Teater Vestland ved Cecilie Grydeland Lundsholt

Føniks er skapt med tilskot frå Norsk kulturråd, Fond for utøvende kunstnere og Bergesenstiftelsen.

Trailer frå forprosjektet: Rett Vest AS
Foto: Thor Brødreskift

Tid

(Laurdag) 14:00 - 15:00(GMT+00:00)