Christina Dahl Kvartet
sun03apr00:00Christina Dahl KvartetJazz
Om arr.
Christina Dahl – saksofon Nils Bosse Davidsen – bass Niclas Knudsen – gitar Espen Laub von Lillienskjold – trommer Christina Dahl er ein av dei mest
Om arr.
Christina Dahl – saksofon
Nils Bosse Davidsen – bass
Niclas Knudsen – gitar
Espen Laub von Lillienskjold – trommer
Christina Dahl er ein av dei mest respekterte saksofonistane i Danmark. Dahl har spelt i eit utall samanhengar og er kjenneteikna ved ein unik sjelfull klang og lyriske fortolkningar.
Ho komponerer musikken sjølv og spelinga hennar varierer frå det mest intime og underspelande til det eksplosive. Alle musikarane har ei rolle som berande solistar i éin felles leikande og fri kommunikasjon med stor originalitet. Kvartetten spelar fritt i eit luftig og kreativt samspel som gjev eit nærværande og variert musikalsk uttrykk. Repertoaret består av originale komposisjonar av Christina Dahl. I komposisjonane ligg symbolske forteljingar om livet og dets rikdom av alle fargar.
Christina Dahl slapp i fjor sitt tiande album, Childish, til svært gode kritikkar, og gjorde konsertar i Danmark og resten av Norden. Musikken blei overveldande positivt motteke. I 2018 har Christina Dahl komponert heilt ny musikk til kvartetten for ei rekkje eksklusive konsertar i Danmark, Sverige og Noreg.
Tid
Billettsal
https://kabuso.ticketco.events/no/nb/e/christina_dahl_kvartet
Program
tors16jul13:0013:30Romansekonsert – "Svarta rosor"Sibelius-konsert på museet
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med nordiske songar av Jean Sibelius, Edvard Grieg, Gunnar de Frumerie og Ture Rangström.
Gjennom songar om kjærleik, natur, lengsel og dei flyktige augneblinkane i livet utforskar duoen den nordiske romansetradisjonen. Programmet spenner frå det lyse, vare og intime til det mørke og lidenskapelege, med naturen som spegel for menneskelege kjensler, minne og sakn.
Konserten er inkludert i inngangsbilletten til Hardanger folkemuseum.
Pris vaksne: 125 kr
Student: 75
Born: gratis