Bunadsfest
fre06des18:00BunadsfestBli med å feira bunaden!
Om arr.
Bli med å feira bunaden! Den 6. desember vert «Bunadbruken i Norge, tradisjonshåndverk og sosial praksis» (forhåpentlegvis!) skriven inn på UNESCO si liste over immateriell kulturarv. Innskrivinga får me grunna den
Om arr.
Bli med å feira bunaden!
Den 6. desember vert «Bunadbruken i Norge, tradisjonshåndverk og sosial praksis» (forhåpentlegvis!) skriven inn på UNESCO si liste over immateriell kulturarv. Innskrivinga får me grunna den breie og folkelege bunadbruken, handverket som ligg bak, og den store variasjonen av bunadstradisjonar over heile landet. Det finst over 450 ulike bunader i Norge, og den fyrste veka i desember vert dei alle offisielt ein del av verdas levande kulturarv. Dette vil Folgefonn husflidslag og Hardanger folkemuseum vera med å feira!
Me inviterar difor til ope hus og aktivitetar for born i husflidsbua på Utne frå kl 12 – 16. Her kan store og små koma å prøva seg på nokre av dei mange artige teknikkane som finst i ein bunad.
Etterpå flyttar me oss opp på Hardanger folkemuseum, der det vert bunadskafé frå 18.00 – 19.30. Ta med deg handarbeid viss du vil. Program: Museet visar fram alle sine seks perlekrunar og utvalde godbitar frå bunadsamlinga, medlemmer i Folgefonn husflidslag demonstrerer perletreing og metallknipling, og det vert live-overføring frå bunadsfesten i Oslo og andre bunadsarrangement rundt om i landet.
Hjarteleg velkomne alle, gjerne i bunad!
Billettar
Tid
Hending på Facebook
Program
tors16jul13:0013:30Romansekonsert – "Svarta rosor"Sibelius-konsert på museet
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med nordiske songar av Jean Sibelius, Edvard Grieg, Gunnar de Frumerie og Ture Rangström.
Gjennom songar om kjærleik, natur, lengsel og dei flyktige augneblinkane i livet utforskar duoen den nordiske romansetradisjonen. Programmet spenner frå det lyse, vare og intime til det mørke og lidenskapelege, med naturen som spegel for menneskelege kjensler, minne og sakn.
Konserten er inkludert i inngangsbilletten til Hardanger folkemuseum.
Pris vaksne: 125 kr
Student: 75
Born: gratis