– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Bugge Wesseltoft

tys15des21:00Bugge WesseltoftIt's Snowing on My Piano21:00(GMT+00:00)

Om arr.

NB! Merk tidspunktet for konserten: Konsertstart kl 21 – ope hus frå kl 20

________________________________

Bugge Wesseltoft – piano, elektronika

Bugge Wesseltoft presenterar ein moderne juleklassikar når han kjem til Kabuso tysdag 15. desember; It’s Snowing on My Piano.

Bugge fortel om historia bak albumet frå 1997:
«Snowing on my piano» vart laga ut frå eit ønske om ro og fred i jula, og ein pause frå stress, gåvehysteri og det å måtte vera så voldsomt lykkelig heile tida.
Som ung jobba eg ved eit akuttmottak på psykiatrisk sykehus og det var eit sjokk for meg å oppdaga at jula også er ei høgtid for depresjon, einsemd og vald i heimen.
Då eit tysk plateselskap spurde meg om å laga ei solopiano-plate med julesongar var eg sterkt i tvil, men valde til slutt å spela ho inn på vilkår av at eg fekk gjera det på min eigen måte.
Det å vera glad i kvarandre og ha tid til kvarandre er det viktigaste me kan driva med i jula.»

 Merk at kun eit redusert antal billettar er i sal (av smittevernhensyn), så her gjeld det å skaffa billettar tidleg!

 

Billettar

>>> KJØP

Hending på Facebook

>>> Sjekk ut