AVLYST: Bornas Kabuso
lau26sep12:0014:00AVLYST: Bornas KabusoKreativ verkstad
Om arr.
Den planlagte oppstarten for Bornas Kabuso laurdag 26. september må diverre avlysast. Dette grunna korona-utbruddet i Kvam denne veka. Følg gjerne med på nettsida og Facebook for oppdateringar for arrangement
Om arr.
Den planlagte oppstarten for Bornas Kabuso laurdag 26. september må diverre avlysast.
Dette grunna korona-utbruddet i Kvam denne veka.
Følg gjerne med på nettsida og Facebook for oppdateringar for arrangement m.m. utover hausten.
Kabuso følgjer elles dei gjeldande tilrådingane frå lokale helsemyndigheiter – og held inntil vidare ope som vanleg.
Spørsmål? Kontakt oss gjerne på post@kabuso.no eller tlf 474 79 987
___________________________________________________
Den aller første Bornas Kabuso-aktiviteten i haust byr på kreativ verkstad – laurdag 26. september kl 12-14.
Fargar er tema for denne verkstaden. Me skal måla, teikna, klyppa og lima, men aldri med meir enn ein farge i eit bilete.
Borna skal få laga relieff av papir i ein farge og dei skal få måla bilete i ein annan farge.
NB! Av smittevernhensyn blir det kun plass til 20 born denne gongen – med føregangsrett for påmelde.
>>> Trykk her for påmelding
Arrangementet følgjer elles vanlege retningslinjer i høve smittevern.
Om klubben:
- Medlemsskap i klubben kostar 70 kroner per barn
- Medlemsskap gjev gratis inngang til alle arrangementa hausten 2020.
- Merk at det dette halvåret er begrensingar i antal deltakarar og førehandspåmelding til dei ulike arrangementa.
Tid
Billettsal
>>> Klikk her
Hending på Facebook
Program
tors16jul13:0013:30Romansekonsert – "Svarta rosor"Sibelius-konsert på museet
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med nordiske songar av Jean Sibelius, Edvard Grieg, Gunnar de Frumerie og Ture Rangström.
Gjennom songar om kjærleik, natur, lengsel og dei flyktige augneblinkane i livet utforskar duoen den nordiske romansetradisjonen. Programmet spenner frå det lyse, vare og intime til det mørke og lidenskapelege, med naturen som spegel for menneskelege kjensler, minne og sakn.
Konserten er inkludert i inngangsbilletten til Hardanger folkemuseum.
Pris vaksne: 125 kr
Student: 75
Born: gratis