Bornas Kabuso
lau17okt12:0015:00Bornas KabusoFilmdag
Om arr.
Endeleg er det tid for filmdag med Bornas Kabuso igjen – hald av laurdag 17. oktober! >>> PÅMELDING HER Program: Kl. 12: Ernest og Celestine Historia om den store bjørnen Ernest og
Om arr.
Endeleg er det tid for filmdag med Bornas Kabuso igjen – hald av laurdag 17. oktober!
Program:
- Kl. 12: Ernest og Celestine
Historia om den store bjørnen Ernest og den vesle musa Celestine. Dei lever i kvar si verd: Bjørnane over bakken og musa under. Dei er på mange måtar redde for kvarndre, og alle meinar det er til det beste. Men ein dag skal alt endra seg.
Aldersgrense: Alle - Kl. 13.30: Chihiro og heksene
Dette er historia om 10 år gamle Chihiro som må redda foreldra sine. Dei er blitt forvandla til griser av heksa Yubaba.
Ho får hjelp av den mystiske guten Haku og møter både gode og vonde skapningar på vegen.
Aldersgrense: 7 år
Om Bornas Kabuso kunst- og filmklubb:
Medlemsskap i klubben kostar 70 kroner per born og gir gratis inngang til alle arrangementa våren 2020.
I år utvidar me tilbodet, viser filmar for ulike målgrupper og lagar fleire aktivitetar.
Tid
Billettsal
>>> Klikk her
Program
tors16jul13:0013:30Romansekonsert – "Svarta rosor"Sibelius-konsert på museet
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med nordiske songar av Jean Sibelius, Edvard Grieg, Gunnar de Frumerie og Ture Rangström.
Gjennom songar om kjærleik, natur, lengsel og dei flyktige augneblinkane i livet utforskar duoen den nordiske romansetradisjonen. Programmet spenner frå det lyse, vare og intime til det mørke og lidenskapelege, med naturen som spegel for menneskelege kjensler, minne og sakn.
Konserten er inkludert i inngangsbilletten til Hardanger folkemuseum.
Pris vaksne: 125 kr
Student: 75
Born: gratis