Berit Opheim og Sigbjørn Apeland
sun19mar18:30Berit Opheim og Sigbjørn ApelandKonsert Velsigna er dagen18:30(GMT+00:00)

Om arr.
Berit Opheim og Sigbjørn Apeland har konsert på Hardanger folkemuseum sundag 19. mars kl 18.30Berit (song) og Sigbjørn (orgel) har samarbeida i ulike musikalske prosjekt dei siste 30
Om arr.
Berit Opheim og Sigbjørn Apeland har konsert på Hardanger folkemuseum sundag 19. mars kl 18.30
Berit (song) og Sigbjørn (orgel) har samarbeida i ulike musikalske prosjekt dei siste 30 åra med konsertar og innspelingar, og Velsigna er dagen er deira andre duoalbum. Albumet Den blide sol kom ut i 2008 og vart nominert til Spellemannsprisen det året. Begge desse albuma inneheld berre religiøse folketonar i eigne arrangement, og improvisasjonar.
Velsigna er dagen inneheld religiøse folketonar frå Vossabygdene som Berit har funne fram frå eldre lydopptak og notenedskrifter. Salmetekstane er stort sett skrivne av kjende salmediktarar men dei fleste melodiane har lenge vore ubrukte. Det er no avdøde songkjelder som har forvalta denne songtradisjonen og her er det melodiske perler på rekkje og rad.
Det er ei stor glede å få presentere dette ukjende musikalske materialet til eit større publikum, og det er med stor takksemd til dei som forvalta og song desse folketonane me formidlar dei vidare.
Hjarteleg velkomne alle!
Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangerte i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.
Tid
(Sundag) 18:30(GMT+00:00)
Billettar
BilettsalHending på Facebook
Sjekk ut!Program
Arrangementstype
Alle
Aktivitet
Arrangement
For familien
Konsert
Kurs
Undervisning
Utstilling
Arrangør
Alle
Agatunet
Borgstova
Granvin bygdetun
Hardanger fartøyvernsenter
Hardanger folkemuseum
Hardingfela.no
Hardingfela.no
Kabuso
Skredhaugen
Storeteigen
Voss folkemuseum