– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Benedicte Maurseth Systerspel

sun05mai15:30Benedicte Maurseth SysterspelSesongopning15:30(GMT+00:00)

Benedicte Maurseth under framsyninga av Systerspel. Ho sit framom eit svært bilete, og held fela på kneet.

Om arr.

Sesongopning på Hardanger folkemuseum sundag 5. mai kl 15.30.

Me gler oss til å opna for sesongen med utstillinga Systerspel, og konsertframsyninga med same namn! På programet står konsertframsyning med Benedicte Maurseth, utstillingsopning ved ordførar på Voss, Tonje Såkvitne, og samtale med Ingeleiv Kjerland Kvammen, som har eit langt spelekvinneliv bak seg.

Systerspel

Benedicte Maurseth har laga ei gripande konsertførestilling om kvinnelege felespillarar som forsvann. Kvifor vart dei borte frå kvardag og høgtid, medvit og tanke, skrift og tale? Konserten er ein del av opningsprogrammet for utstillinga Systerspel, ei historisk, personleg og nærgåande musikalsk forteljing om lagnaden til spelekvinna i Noreg frå 1700 -talet og til i dag. Utstillinga fortel om spelekvinner som var blinde og beinlause, som spela i bryllaup og til dans, og som vart både ovundra og hindra i å spela. Førestillinga tek også opp kvifor spelekvinna ei tid forsvann og vart borte, for så å koma attende i tradisjonen, og om korleis finna sin plass som spelekvinne på ny.

Benedicte Maurseth er hardingfelespelar, komponist og forfattar. Ho har turnert som solist både i Noreg og i utlandet, har fleire tingingsverk bak seg, og har skrive musikk for teater og film. Ho har gjeve ut fleire musikkalbum og skrive bøker, artiklar og essay.

Konsertframsyninga Systerspel vart laga til Osafestivalen i 2022, og er basert på boka Maurseth gav ut dette året. Utstillinga står på Hardanger folkemuseum frå 5. mai til 8. september 2024.

Desse står bak Systerspel: Benedicte Maurseth (komposisjon og manusutvikling), Hildegun Riise (regi, manusutvikling). Birk Nygaard (scenografi, lys og videodesign), Mari Kanstad Johnsen (illustrasjon), Kieran Kolle (video), Rune Døli (grafisk design), Jørgen Træen (lydkollasj).

Museum og kafé

Museet opnar kl 11 denne sundagen, og held ope til arrangementet er ferdig. Kafeen i 3. høgda opnar kl 12. Her har med varm lunsj og gode kaker. Hjarteleg velkomne alle.

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangerte i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

 

Billettar

Bilettsal

Hending på Facebook

Sjekk ut!