– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

juli 2022

tys05jul(jul 5)11:30tys09aug(aug 9)14:30Baking i eldhusetNysteikte krotakarer11:30 - (aug. 9) 14:30

Om arr.

Kvar tysdag frå 5. juli til 9. august bakar me krotakaker i eldhuset i museumstunet, frå kl 11.30 – 14.30.

Krotakaker er tradisjonsrik kost i Hardanger. Kakene liknar flatbrød, men deigen er laga av rugmjøl, vatn og gjær. Rutemønsteret på kakene kjem frå eit spesielt kjevle. Kakene er steik over ope eld. Ein kan nyta dei turre, som flatbrød, eller bløyta dei og ha på smør, sukker, prim eller saltmat. Kom og sjå dei røynde bakstekonene i aksjon! Du smaka på kakene, og kjøpa kaker direkte i eldhuset, eller i museumsbutikken.

På grunn av stor etterspurnad etter denne eksklusive vara har me avgrensa salet til maks 5 kaker per person ved kjøp i tunet, og maks 10 kaker pr pers ved førehandstinging. Tinging av krotakaker må gjerast innan sundagen før, på tlf: 47479884 eller e-post: post@hvm.museum.no

Tid

Juli 5 (Tysdag) 11:30 - Aug. 9 (Tysdag) 14:30

Stad

Hardanger folkemuseum

Museumsvegen 36, 5778 Utne

X