– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

OPE BUTIKK, BOKSAL OG UTSTILLING

lau11des12:00lau16:00OPE BUTIKK, BOKSAL OG UTSTILLINGVELKOMEN !12:00 - 16:00(GMT+00:00)

Om arr.

NB!
Etter dei nye restriksjonane frå og med 9.12 må me diverre endre på planane i tunet denne laurdagen.
Lokala våre er små, og med meteren vert det sers avgrensa kor mange som kan sitta i kaféen samtidig, så julegrøt og kafé går ut.
Istaden har me varm drikke og mogleg noko handmat utandørs.
Ljosstøyping og aktivtetsverkstad let seg heller ikke gjennomføra – men dette kjem me attende til.
«Glimt frå ein barndom»: Opplesinga med Lars O. Bleie og boka  går ut, men han kjem og signerer bøker som vert for sal.
Det er og sett opp ei lita utstilling med utvalde illustrasjonar frå boka.
I butikken/kafébygningen vert det høve til å handle jolegåver: diverse bøker, litt keramikk/porselen, vove tekstilar og andre gåveartiklar.
I Johansstabburet har me ei lita «jolestemningsutstilling» med litt gamle jolakort og leiker.
I Asbjørnsløo sel Arnhild Bleie mykje flott pyntegrønt til dekorasjon.
Elles er tunet jolepynta – me set opp utetre med ljos og trur at det vert fint å ta turen hit sjølv om me må endra på planane!
Hugs: hald deg heime om du følar deg forkjøla eller sjuk, registrer deg ved ankomst, bruk munnbind når naudsynt, hald avstand og ta omsyn.
VELKOMEN TIL EI FIN ADVENTSSTUND I AGATUNET!
Me inviterar til adventskafé, og lansering av Lars O. Bleie sin fine bok «Glimt fra ein barndom.
Klokka 13 vil Lars presentera og signera boka si i Johansstova.
Obs! Avgrensa antal plassar. Vert det trongt om plassen gjentek me arrangementet klokka 14.
Det vert høve til å kjøpe boka, og det vert hengt opp ei utstilling med eit utval av dei nydelege illustrasjonane Michael Toth har teikna til boka.
I kaféen har me graut og gløgg og anna godt,og i butikken eit utval fine jolagåver.
Kva med å gje eit sesongkort for Agatunet 2022 i gåve? 🙂
Me har ein liten aktivitetsverkstad for born i kafébygningen, der dei kan laga girlander og julekort.
I bakstekjellaren vert det høve til å støypa ljos. (Plass på aktivitetane kjøpast i kaféen til ein liten sum.)
Johansstabburet står ope med litt saker og ting som sikrer jolastemning.
NB! Om borna har hug til å skipa til sin eigen leikemarknad, og selgja brukte leiker og heimelaga saker – stillar me løo til disposisjon. Ta kontakt med Line på 94496984/line.iversen@hvm.museum.no om de vil ha stand.
Har du forkjølelsessymptom ber me om at du held deg heima, elles vonar me du kjem! Me gler oss!

Tid

(Laurdag) 12:00 - 16:00(GMT+00:00)