Å vera og gjera saman
lau13jul11:30lau12:00Å vera og gjera samanOpning barneutstilling11:30 - 12:00(GMT+00:00)
Om arr.
No opnar årets barneutstilling i Agatunet! Gjennom våren har me i Agatunet og born i Aga barnehage møttest, og snakka om sidar ved det å vera og gjera saman. Me vart
Om arr.
No opnar årets barneutstilling i Agatunet!
Gjennom våren har me i Agatunet og born i Aga barnehage møttest, og snakka om sidar ved det å vera og gjera saman. Me vart einige om at treffa skulle enda i ei utstilling i tunet.
Borna har fått læra om korleis livet arta seg i eit klyngetun i gamledagar, når alle budde tett på kvarandre og var avhengige av kvarandres hjelp for å berga seg og få gjeremåla unna.Dei har mellom anna vore saman med Lasse Aga, ein av dei siste på Aga som vaks opp i tunet, og høyrt han fortelja – i stova der han levde med familien sin. Dei har høyrt om riddar Sigurd i Lagmannsstova, korleis han som lagmann skulle syta for å skilja mellom rettvise og urett, og korleis skjoldet hans fremleis er nytta som symbol i Ullensvang herad, som eit samlande symbol.
Dei har vore på kunstverkstad med Iben Amelie Mansfeld (som og stillar ut i tunet i sommar) og formidlingsleiar Line Iversen og laga ein stor installasjon av naturmaterialar og ting dei fann kring seg. Som grunnlag for installasjonen er nytta eit fiskegarn, eit nett som heng saman med seg sjøl, som dei gjennom å samarbeida kunne gjera til noko anna.
Me har snakka om naturen og korleis den gjer oss det vi treng, berre vi tar vare på han, men og om kunst – kva det er og kva den kan gje oss, at me menneskje og treng kunsten – at me har kjensler og lengsler som går forbi sulten og tørsten og dei grunnleggjande fysiske behova, og korleis me vert glade av det som er fint. Me har snakka om korleis me treng kvarandre.
I Aga barnehagehar dei dette året hatt sosial kompetanse som prosjekt, og arbeidd mykje med å dela, samarbeida, hjelpa og vera venar – og linjane mellom dette prosjektet og kunstutstillingsprosjektet har vore mange og rike.
Borna har måla skjold, teikna og laga kunst i barnehagen, og teke med seg inspirasjon fra utstillingsarbeidet på turar i nærområdet, der dei mellom anna har laga landskapskunst i fjøro.
Me er stolte av å kunne visa frem dei flotte arbeida til borna på Aga! Kom og sjå dei du og!
Du finn utstillinga i Johansstovekjellaren.
Utstillinga opnar laurdag 13.7.19 klokka 11:30, og står til og med 1. september.
Velkomne!
Program
Arrangementstype
Alle
Aktivitet
Arrangement
For familien
Konsert
Kurs
Undervisning
Utstilling
Arrangør
Alle
Agatunet
Borgstova
Granvin bygdetun
Hardanger fartøyvernsenter
Hardanger folkemuseum
Hardingfela.no
Hardingfela.no
Kabuso
Skredhaugen
Storeteigen
Voss folkemuseum