– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

På leit mellom plikt og fridom - Hardanger -& Co

mån07nov12:27mån12:27På leit mellom plikt og fridom - Hardanger -& Co12:27 - 12:27(GMT+00:00)

Om arr.

I perioden frå 9. oktober til 2. januar 2022 viser Kabuso utstillinga På leit mellom plikt og fridom – Hardanger – & Co

Kunstnargruppa -& Co. er sett saman av Jens Hamran, Patrik Entian og Aleksi Wildhagen – og dei tre målarane arbeider hovudsakleg utandørs. I utstillinga På leit mellom plikt og fridom -Hardanger -& Co., viser dei måleriske resultat frå tre reiser til Hardanger, supplert med teikning og fotografi. Dei tre Hardanger-etappane blei gjennomført i 2020-21, først i desember, då det var kaldt og mørkt, seinare i juni då grønska var intens – og til sist i september, då hausten stod for døra.
Kunstnarane har vitja Storeteigen, Fitjadalen, Ålvik, Fyksesund, Børve i Sørfjorden, samt skulpturparken til Ingebrigt Vik museum.
I utstillinga inngår òg eit video og måleri-samansurium frå to måleøkter ved regjeringskvartalet i Oslo, rett og slett for å trekkje makta sine tindar inn på scena.

Utstillinga er støtta av:
Norsk kulturråd
Billedkunstnernes Vederlagsfond

Les meir:
>>> Om -& Co
>>> Jens Hamran
>>>Patrik Entian
>>> Aleksi Wildhagen