Opplut og belte
lau22mai(mai 22)00:00sun05mar(mar 5)00:00Opplut og belteUtstilling
Om arr.
Hardanger folkemuseum har rike samlingar av tradisjonelle tekstilar, klede som seinare vart utgangspunkt for hardangerbunaden. I utstillinga «opplut og belte» har me leita fram nesten alt me har av belte,
Om arr.
Hardanger folkemuseum har rike samlingar av tradisjonelle tekstilar, klede som seinare vart utgangspunkt for hardangerbunaden. I utstillinga «opplut og belte» har me leita fram nesten alt me har av belte, opplutar og sjonaleister. Utstillinga er ei oppfylging av 1000 bringklutar. Ho opnar 22. mai 2021 og skulle stå til 28. oktober 2022. Utstillingsperioden er sidan forlenga til 5. mars 2023.
Den tradisjonelle draktsikken i Hardanger har røter tilbake til 1600-talet og renessansen. På den tida utvikla mange områder i Noreg særeigen draktskikk som skilte seg frå korleis folk kledde seg i andre bygder. Draktskikken var prega av stor variasjon innan faste rammer. Me ynskjer å syna fram breidda innan dei ulike plaggtypane, med all den variasjon og kreativitet det var rom for.
Opplut
I deler av Hardanger kallar ein livet til kvinnedrakta for opplut/upplut, altså den delen som er øvst. Andre stader vert dette plagget kalla liv eller vest. Syr ein oppluten fast til stakken får ein det som på fagspråket vert kalla «den eldre livkjolen», eit renessanseplagg der opplut og stakk skulle vera i ulik farge og gjerne i ulik stoffkvalitet. Stakkane var svarte eller blå, og oppluten ofte raud eller andre fargar som sto i kontrast til stakken. Oppluten var kanta med band. I utstillinga synar me gamle, rettskorne opplutar, og synar korleis plagget endra seg gjennom århundra. Her er om lag 100 opplutar i ulike fargar og stoffkvalitetar i klede, damask, kalemank, silke og fløyel.
Belte
Kring livet hadde ein belte. Desse finst i eit mangfald av teknikkar, alt frå krossting til smøyg, ulike vevde belte, og perlebelte som er sydd, tredd eller vevd. Motiva er som oftast geometriske figurar som kross, åttebladroser og rombeformer. Nokre belte har fangband, andre ikkje. I utstillinga har me avgrensa til belte i tekstile teknikkar, så sylvbelta og stølebelta kjem i ein anna utstilling seinare. Sjølv om motiva liknar dei som er nytta på bringklutar var det ikkje vanleg å ha same mønster på bringklut og belte.
Sjonaleister
Kvite sokkar med fargerik kant kring ankelen vart nytta av både kvinner, menn og barn. Desse sokkane er strikka i tvebandstrikk, med svært tynne pinnar.

Tid
Program
tors16jul13:0013:30Romansekonsert – "Svarta rosor"Sibelius-konsert på museet
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med nordiske songar av Jean Sibelius, Edvard Grieg, Gunnar de Frumerie og Ture Rangström.
Gjennom songar om kjærleik, natur, lengsel og dei flyktige augneblinkane i livet utforskar duoen den nordiske romansetradisjonen. Programmet spenner frå det lyse, vare og intime til det mørke og lidenskapelege, med naturen som spegel for menneskelege kjensler, minne og sakn.
Konserten er inkludert i inngangsbilletten til Hardanger folkemuseum.
Pris vaksne: 125 kr
Student: 75
Born: gratis