Kafé og butikk
Kafé med utsikt
Kaffitørst? Lyst på noko søtt, eller kanskje noko saltmat til lunsj? Legg turen innom kaféen i tredje høgda!
Her sit du med utsyn til fleire fjordar og midt mot
det majestetiske fjellet Oksen. Menyen legg vekt på kortreist og lokalmat.
Me serverer kaker, påsmurt, toast og betasuppe.
I kaféen tek me og imot større grupper og lag i samband med møte, samlingar, feiringar, omvisingar eller andre typer arrangement.
Grupper og lag må tinga på førehand.
Opningstider kafé 2024:
5. mai – 16. juni, laurdag og sundag kl.12.00 – 16.30
17. juni – 18. august, kvar dag kl.12.00 – 16.30
19. – 25. august, laurdag og sundag kl.12.00 – 16.30
Vinteren 2024 er kaféen kun open ved særlege høve.post@hvm.museum.no for henvendingar
Kontakt oss gjerne påMuseumsbutikk for einkvar smak
Besøk den fine museumsbutikken på Hardanger folkemuseum!
Her finn du eit rikt utval av:
- Lokalt og regionalt handverk og brukskunst; mellom anna hardangersaum, trearbeid, tekstil, keramikk, leiker, glas og smykker.
- Lokal mat og drikke.
- Lokalhistorisk litteratur og annan litteratur knytt til Hardanger.
- Eit godt utval folkemusikk frå Hardanger og Voss.
- GåvekortButikken følgjer museet sin opningstider