– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Krotakakebaking

Krotakaker i eldhuset

Utvalde datoar i juli og august er det baking i eldhuset på Hardanger folkemuseum.

Ein gjeng røynde bakstekoner bruker å komme til eldhuset i museumstunet for å baka krotakaker.

Dei fyrer opp i omnen med fine skier av ljosor. Deretter lagar dei emne, kjevlar, krotar og steikjer desse nydelege kakene.

Krotakaker er tradisjonsrik kost i Hardanger. Kakene liknar flatbrød, men deigen er laga av rugmjøl, vatn og gjær, og dei rutast med eit særskilt kjevle.
Nytast tørre med smør eller bløytte med smør og prim.
Prøv dei óg til saltmat, både som følge til middagsmat eller med pålegg.

Kom og opplev tradisjonsbakst i museumstunet!

Du kan smaka på kakene – og kjøpa kaker direkte i eldhuset eller i museumsbutikken.
På grunn av stor etterspurnad etter denne eksklusive vara har me avgrensa salet til maks 5 kaker per person ved kjøp i tunet, og maks 10 kaker pr pers ved førehandstinging. Tinging av krotakaker må gjerast innan sundagen før, på tlf. 474 79 884 eller e-post  post@hvm.museum.no