– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Besøk

Velkomen innom!

Opningstider 2024

    • 2. september til 2. mai 2025: måndag til fredag 9 – 15

    Stengt på 1. og 17. mai, påske og jol. Ope i pinsen.
    For grupper: Ta kontakt for førespurnadar

    ________________

    Billettar

    • Enkeltbillett: 120,- (vaksen) / 70,- (student) / Born gratis
    • Sesongkort: 200,- (vaksen) / 100,- (student). Sesongkort gir fri tilgang til tun og utstillingar, 10% rabatt på konsert og arrangement i museet sin regi, samt gratis kaffi/te i kaféen sin opningstid.

    ________________

    Besøksadresse: Museumsvegen 36, 5778 Utne
    Telefon: 474 79 884
    E-post: post@hvm.museum.no

     

    Hardanger folkemuseum ligg nydeleg til på ei lita høgd på Utne – med vakkert utsyn over fjord og fjell.

    Du kjem til Utne langs rv 550, og finn oss i enden av sentrumsvegen, forbi Jokerbutikken og fergekaien, på toppen av bakken.

    GPS-koordinatar 60,4261 / 6,6186.

    ________________

    Slik kjem du hit

    Med bil/sykkel: Langs fv 550 frå Jondal (36km frå Utne) og Odda (46km frå Utne).

    Du kan òg fylgja rv 13, og reise med bilferje til Utne frå både Kvanndal og Kinsarvik.

    • Ferjeruter finn du her.
    • Parkering. Me har parkering utanfor hovudbygningen. I fall dårleg plass finn du og parkering i Utne sentrum.
    • Til fots/sykkel/kollektivt: Du kan reise med buss til Utne. Kun ei linje stoppar her, men den korresponderar med fleire:
    • Linje 980 mellom Jondal og Odda stoppar på Utne kai.

    Frå Bergen kan du ta linje 930 til Jondal eller Odda, og byte til 980 der, eller linje 925 til Kvanndal. 925 er og linja om du kjem frå Voss. Denne linja korresponderar med ferga til Utne, og linje 980 stoppar på Utne kai.

    • Hurtigbåt: Frå mai til september går det hurtigbåt mellom Eidfjord og Norheimsund, med stopp på Utne. Ruta finn du her.
    • Med båt: Bruk GPS-koordinatane 60,4261 / 6,6186