Folkemusikk

Landets mest komplette samling eldre hardingfeler

Kom til Hardanger folkemuseum og sjå landets mest komplette samling av eldre hardingfeler. Nyt gjerne fjordutsikta medan du høyrer opptak frå det rikhaldige folkemusikkarkivet!

Utstillinga har ei eiga mediatekavdeling der ein kan høyra opptak frå samlinga og fordjupa seg i litteratur om hardingfela og folkemusikken.

Hardanger folkemuseum har ei omfattande samling eldre og nyare hardingfeler. Desse har ein sentral plass i utstillinga. Her kan ein fylgja utviklinga av hardingfela frå dei eldste bondefelene og fram til dagens moderne hardingfele. Her er utstilt fleire instrument av dei namngjetne felemakarane Isak Nilsen Skaar (1663-1759) og sonen Trond Isaksen Flatabø (1713-1772) frå Botnen i Fyksesund. Her er og fleire feler frå den sentrale Hellandslekta i Telemark. Nyare feler er representert ved mellom anna Anders Aasen, Håvard Kvandal og Olav Vindal.

Hardanger folkemuseum var sentral i å etablera det store forskingsprosjektet om datering og dokumentasjon av hardingfeler, det sokalla Hardingfeleprosjektet, saman med mellom anna Ole Bull Akademiet, universitetet i Bergen og Rff-senteret. Prosjektet framskaffa mykje ny kunnskap, også om feler i vår utstilling. Mellom anna synte det seg at ei lita bondefele datert 1710 truleg er hundre år yngre, laga i 1810. Prosjektgruppa oppdaga og ein fiolin i Danmark, bygd av felemakaren Trond Isaksen Flatabø i 1764. Denne vart kjøpt av Sparebanken Hardanger og gitt i gåve til Hardanger folkemuseum. Dette er den eldste norskbygde fiolinen ein kjenner til.

I utstillinga vert ein og kjend med dei rike songtradisjonane frå Hardanger. I tre store smykkeskrin kan ein lesa om religiøse folketonar, innsamling og kjømeisterviser. Me har og vore så heldig å få lånt delar av den store trekkspelsamlinga etter Arnvid Lillegraven frå Granvin kommune.

Kontakt
Museumsvegen 36, 5778 Utne
Tlf: 474 79 884
E-post: post@hvm.museum.no
Nyhendebrev
Meld deg på nyhendebrevet vårt og motta informasjon om det som skjer ved Hardanger folkemuseum!
Opningstider
Vinter
2. jan-30. april og 2. sept-20. des:
Mån-fredag kl 9-15

Sommar
2. mai-1. september:
kl 10 - 17 alle dagar
Contact
Museumsvegen 36, Utne
Tel: +47 474 79 884
E-mail: post@hvm.museum.no
Newsletter
Subscribe to our newsletter featuring news about our museums, exhibitions, activities and more
Opening hours
Winter
Jan 2-April 30 and Sept 2–Dec 20:
Mon-Friday 9 AM–3 PM

Summer
May 2–September 1:
10 AM–5 PM all days
X