– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Toradarkonsertar med Amalie Kinsarvik Tvilde

mån01jul13:00ons31(jul 31)15:00Toradarkonsertar med Amalie Kinsarvik TvildeMinikonsertar i juli13:00 - 15:00 (31)(GMT+00:00)

Amalie Kinsarvik Tvilde, ute i skogen med toradar.

Om arr.

Toradarkonsertar

I juli 2024 har me toradarkonsertar med unge, dyktige Amalie Kinsarvik Tvilde på Hardanger folkemuseum. Konsertane er inkluderte i inngangsbilletten til museet.

Konsertar:
Tysdag 9. og 16. juli kl: 13:00, 14:00 og 15:00

Torsdag 11. og 18. juli kl: 13:00, 14:00 og 15:00

Fredag 12. og 19. juli kl: 13:00, 14:00 og 15:00

Amalie Kinsarvik Tvilde er durspelar frå Kinsarvik i Hardanger. Ho er både soloutøvar, dansar og pedagog. Amalie er ein viktig tradisjonsbærar av tradisjonsmaterialet frå Hardanger og Voss og har fordjupa seg i hardingfeletradisjonen frå desse områda. Ho har også arbeida mykje med feletradisjonen frå Nordland, Finnskogen og Røros. Repertoaret spenner seg frå både dansemusikk, bygdespel, gammaldans og lydarslåttar.

Amalie spelar òg i Agatunet laurdag 13. og 20. juli klokka 12:30, 13:30 og 14:30 og på Skredhaugen på Lofthus onsdag 10. og 17. juli – klokka 18.

Foto: Siv Dolmen

Konsertane er arrangert av Hardingfela.no

Tid

1 (Måndag) 13:00 - 31 (Onsdag) 15:00(GMT+00:00)