– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Dekor på tre

sun04mai(mai 4)15:30tors31des(des 31)15:00Dekor på treunik utstilling(mai 4) 15:30 - (des. 31) 15:00(GMT+00:00)

eit rosemåla skautaskrin med bilete av eit nygift ektepar står forran eit større skrin med karveskurd. fremst står ein ambar med svidekor.

Om arr.

Dekor på tre

I utstillinga Dekor på tre, som opnar sundag 4. mai 2025, har me funnet fram mange skattar frå museumssamlingane. Fleire av desse har ikkje vore vist for publikum før.

Rosemåling, karveskurd og svidekor finn me på ei rekkje, vakre bevarte gjenstandar frå 1700- og 1800-talet. Dei kjem frå gardane kring Hardangerfjorden, og var ein del av dagleglivet til folk før i tida. Det var langt frå tilfeldig kva for gjenstandar som vart dekorerte. Her er kjenger med hestehovud, rosemåla bollar, lagga staup ved svidekor. Desse drakk ein øl av i festlege lag. Smørformene og stettefata høyrte og med til samkomer, brakt til gards i rosemåla sendingskorger, saman med grautambaren. Likeins dekorerte ein kister og skrin, der ein hadde sine kjæraste ting. Motiva i dekoren har røter langt attende i tid, knytt til fruktbarheit og grøde.

Karveskurd er ei form for treskjering der motiva ofte er geometriske figurar, som sirklar og rosettar. Svidekor vart laga ved å varma opp jarn i ulike geometriske formar, og brenna mønsteret inn i treverket. Begge desse er svært gamle teknikkar. Rosemålinga vart for alvor populær frå slutten av 1700-talet. Her er det måla stiliserte blomar og rankar, men òg motiv frå bibelsoga, eksotiske dyr og portrett. Mange kjende rosemålarar har virka i Hardanger, mellom anna Gunnar Arnfinnson Aarekol, som utstillinga viser fleire arbeid av.

Utstillinga inneheld over 100 gjenstandar, alle henta frå museet sine samlingar.

Utstillingsperiode 4. mai 2025 til 31. desember 2026

Utstillinga er ope kvar dag i sommarsesongen, frå kl 10-17. I vintersesongen er utstillinga ope måndag til fredag, kl 9-15. Sjekk her for oppdaterte opningstider. Det går fint å avtala besøk også utanom ordinær opningstid. Ta kontakt på post@hvm.museum.no for å avtala.

Gruppebesøk

Me inviterer lag, organisasjonar og andre grupper til å besøkja utstillinga. Her kan de få omvising, og gjerne eit besøk i kafeen etterpå. Besøket kan vera på dagtid eller på kveldstid. Ting besøk ved å senda ein e-post til post@hvm.museum.no eller ring 47479884.

Foto: Benjamin Richards

 

Tid

Mai 4 (Sundag) 15:30 - Des. 31 (Torsdag) 15:00(GMT+00:00)