– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Folkemusikk

Landets mest komplette samling eldre hardingfeler

Kom til Hardanger folkemuseum og sjĂ¥ landets mest komplette samling av eldre hardingfeler. Nyt gjerne fjordutsikta medan du høyrer opptak frĂ¥ det rikhaldige folkemusikkarkivet!

Utstillinga har ei eiga mediatekavdeling der ein kan høyra opptak frĂ¥ samlinga og fordjupa seg i litteratur om hardingfela og folkemusikken.

Hardanger folkemuseum har ei omfattande samling eldre og nyare hardingfeler. Desse har ein sentral plass i utstillinga. Her kan ein fylgja utviklinga av hardingfela frĂ¥ dei eldste bondefelene og fram til dagens moderne hardingfele. Her er utstilt fleire instrument av dei namngjetne felemakarane Isak Nilsen Skaar (1663-1759) og sonen Trond Isaksen Flatabø (1713-1772) frĂ¥ Botnen i Fyksesund. Her er og fleire feler frĂ¥ den sentrale Hellandslekta i Telemark. Nyare feler er representert ved mellom anna Anders Aasen, HĂ¥vard Kvandal og Olav Vindal.

Hardanger folkemuseum var sentral i Ă¥ etablera det store forskingsprosjektet om datering og dokumentasjon av hardingfeler, det sokalla Hardingfeleprosjektet, saman med mellom anna Ole Bull Akademiet, universitetet i Bergen og Rff-senteret. Prosjektet framskaffa mykje ny kunnskap, ogsĂ¥ om feler i vĂ¥r utstilling. Mellom anna synte det seg at ei lita bondefele datert 1710 truleg er hundre Ă¥r yngre, laga i 1810. Prosjektgruppa oppdaga og ein fiolin i Danmark, bygd av felemakaren Trond Isaksen Flatabø i 1764. Denne vart kjøpt av Sparebanken Hardanger og gitt i gĂ¥ve til Hardanger folkemuseum. Dette er den eldste norskbygde fiolinen ein kjenner til.

I utstillinga vert ein og kjend med dei rike songtradisjonane frĂ¥Â Hardanger. I tre store smykkeskrin kan ein lesa om religiøse folketonar, innsamling og kjømeisterviser. Me har og vore sĂ¥ heldig Ă¥ fĂ¥ lĂ¥nt delar av den store trekkspelsamlinga etter Arnvid Lillegraven frĂ¥ Granvin kommune.