– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Museumstunet

Husa i tunet

På høgda ovanfor muséet ligg det idylliske museumstunet, forma som eit klyngjetun slik det kan ha sett ut før utskiftinga på slutten av 1800-talet.

Berre to av husa stod opprinneleg på eigedomen, resten er flytta hit frå ulike stader i Hardanger. Husa er innreidd med tidstypiske miljø, slik dei kan ha sett ut då dei var i bruk.

Dei fleste av husa er ope for publikum. Her kan du kjenna på stemninga i årestova frå mellomalderen, sjå eldhuset, 1800-tals bustadhus, og eit gamalt skulehus frå Djønno. Det siste tilskotet til tunet er husmannsstova Skarabakken, ei gamal røystove med samanbygd løe, som vart opna for publikum september 2018. Samla kan ein følgja viktige bygningshistoriske trekk gjennom 800 år i Hardanger.

I museumstunet finn ein óg frukthagen. Her fins fleire gamle eplesortar, pærer og moreller.

Her finn ein óg Diktarstien, ein vakker sti av skiferheller med sitat av norske diktarar som har vorte heidra med ein diktartavle i museumstunet.

Velkomen til å bruke tunet

Tunet er ope for alle som vil oppleve naturen, historia og stemninga her. Du kan slå deg ned ved eit hagebord, ta ein roleg rusletur mellom bygningane, eller smake på morellene frå dei store trea når dei er modne. Nokre av dei mindre frukttrea ber på historiske eplesortar som må takast vare på, og er derfor ikkje eigna for sjølvplukk.

Me ber deg ta omsyn til både tre, bygningar og andre gjester når du er her. Flytt gjerne på benkar og bord om du treng det – men hugs å setje dei tilbake. Takk til alle hundeeigarar som plukkar opp etter hunden og ikkje lar dei tisse på hus eller fruktre.

Takk for at du hjelper oss med å ta vare på tunet – for deg sjølv, for dei som kjem etter deg, og for dei som har museet som arbeidsplass.