– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Ledige stillingar

Sommarvertar

Hardanger folkemuseum søkjer engasjerte og serviceinnstilte sommarvertar til resepsjon/museumsbutikk og kafé sommaren 2026.

Arbeidet kan passa både for ungdom som ynskjer arbeidserfaring, og for pensjonistar som har lyst på ein liten sommarjobb.

Som sommarvert er du museet sitt ansikt utad og ein viktig del av opplevinga for besøkande frå inn- og utland. Hos oss får du ein variert arbeidskvardag i eit levande museumsmiljø, med ansvar, læring og møte med menneske og kultur.
 

Arbeidsoppgåver:

Resepsjon / museumsbutikk

  • Ta imot og ønskje besøkande velkomen 
  • Billettsal og informasjon om museet
  • Sal i museumsbutikken
  • Enkle formidlingsoppgåver og omvisingar i utstillingar og tun

Kafé

  • Enkel matlaging og sal av mat og drikke
  • Kundebehandling og ansvar for dagleg drift
  • Reinhald og orden i kaféområdet

Felles for begge stillingane:

  • Praktiske oppgåver knytt til opning, drift og stenging av museet
  • Generelt reinhald og orden
  • Bidra til ei trygg, triveleg og profesjonell museumsoppleving

Me ser etter deg som:

  • er serviceinnstilt og trivst i møte med publikum
  • snakkar godt norsk og engelsk – og gjerne andre språk
  • har gode samarbeidsevner
  • er ansvarleg, påliteleg og fleksibel
  • har interesse for kulturhistorie, folkedrakter, byggeskikk eller musikk (ein fordel, men ikkje krav)

Tidlegare erfaring frå service, museum, reiseliv eller kafé er positivt, men ikkje nødvendig – full opplæring blir gitt.

Me tilbyr:

  • Løn etter tariff
  • Varierte arbeidsdagar der ingen dagar er like
  • Arbeidserfaring med ansvar
  • Kunnskap om norsk og lokal kulturhistorie
  • Eit sosialt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Hjelp til å skaffa husvære

Me har behov for ulike stillingsprosentar og oppmodar folk i alle aldersgrupper til å søkje. Du treng ikkje kunne jobbe heile perioden for å vere aktuell.

Søknad

Søknaden må innehalde:

  • Kva periode du kan arbeide innanfor 1. mai – 1. september
  • Om du særleg ønskjer å jobbe i resepsjon/butikk eller kafé

Søknaden må innehalda tida ein kan arbeida innanfor tidsrommet 1. mai – 1. september.

Spørsmål kan rettast til Ingvild Hauso, tlf 90 07 82 77 /ingvild.hauso@hvm.museum.no

Søknad med CV og referansar sendast til: personal@hvm.museum.no

Søknadsfrist 22. februar 2026.