– som eit kunstverk mellom husa i klyngetunet
Kvart år arrangerar Hardanger folkemuseum og Olav H. Haugesenteret Diktardagen, der ein ny stein vert lagd ned av diktaren sjølv.
Den fyrste dikttavla var lagt ned alt i 1992, men dagen vart offisielt innstifta i høve Olav H. Hauge sin 85 årsdag i 1993. Diktarhovdingen frå Ulvik var sjølv med å ta initiativet til Diktarstien. Desse er representert:
- Steinar Opstad (2022)
- Paal-Helge Haugen (2021)
- Hilde Myklebust (2020)
- Tone Hødnebø (2019)
- Einar Økland (2018)
- Øyvind Rimbereid (2017)
- Hanne Bramness (2016)
- Kjartan Hatløy (2015)
- Cecilie Løveid (2014)
- Arvid Torgeir Lie (2013)
- Ellen Einan (2012)
- Maria Parr (2011)
- Pedro Carmona Alvarez (2010)
- Ivar Aasen (2009)
- Eldrid Lunden (2008)
- Kolbein Falkeid (2007)
- Ole Paus (2006)
- Jakob Sande (2005)
- Jon Fosse (2004)
- Åslaug Vaa (2003)
- Anne B. Ragde (2002)
- Rune Belsvik (2001)
- Frode Grytten (2000)
- Ragnar Hovland (1999)
- Kjartan Fløgstad (1998)
- Georg Johannesen (1997)
- Halldis Moren Vesaas (1996)
- Jan Erik Vold (1995)
- Robert Bly (1994)
- Olav H. Hauge (1993)
- Terje Johanssen (1992)
Alle steintavlene er utforma av biletkunstnar og tidlegare rektor ved Kunsthøgskulen i Oslo, Cecilie Broch Knudsen.
I museumsbutikken finn du og ei vakker bok om Diktarstien som vart utgjeve av Nynorsk kultursentrum i 2017, i høve den opplevingrike stien sitt 25-årsjubileum.