– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

To i takt

fre25sep18:30To i taktDanseframsyning

Om arr.

Danseframsyninga To i takt

Fredag 25. september kl 18.30 har Hardanger folkemuseum gleda av å invitera til danseframsyning i storsalen. To i takt er ei fysisk og nær folkedansframsyning om relasjonen mellom to unge menn. Møtet mellom han som tek plass og han som helst vil forsvinne i mengda vert utforska gjennom halling, pardans og akrobatisk samspel. I kontrasten mellom det å vere sterk og vere sårbar, vere synleg og vere usynleg, opnar det seg eit rom for refleksjon: Kan vi klare å finne ei felles takt, sjølv om vi er svært ulike?

Framsyninga byggjer på tradisjonell folkedans og folkemusikk og passar for alle aldersgrupper. Forteljinga forma av aktuelle og relevante hendingar og ekte møte som både utfordrar og rører oss. Kanskje handlar det om venskap. Kanskje om brorskap. Kanskje om kampen i livet du ikkje alltid må kjempe åleine. Nokre gonger må vi falle for å reise oss sterkare.‍ ‍

Torer vi å miste vårt eige fotfeste for å bere ein annan som står i fare for å miste sitt?

‍Dei som er med:

Håkon Odden – koreograf og dansar

Ådne Kolbjørnshus – medskapande dansar‍ ‍

Sindre Tronrud – musikar og komponist

Framsyninga er ein del av Førdefestivalen sin VestaFolk-prosjekt, og har støtte frå Vestland Fylkeskommune og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangerte i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling, og med støtte frå Norsk kulturråd.

Billettar

Tid

25. sept. 2026 18:30(GMT+00:00)

Få veibeskrivelse

Hending på Facebook