– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Helgekurs: bringklut

fre09okt(okt 9)09:30sun11(okt 11)17:00Helgekurs: bringkluthjarte-, holma- og andre bringklutar på raudt klede09:30 - 17:00 (11)(GMT+00:00)

Hjertebringklut kanta med grøn silke og gullknipling

Om arr.

Sy din eigen bringklut

Hardanger folkemuseum og Folgefonn husflidslag arrangerer fleire helgekurs der me tek for oss dei ulike teknikkane som er nytta til hardangerbunaden. På dette kurset lærar du å sy bringklut med perler på raudt klede. Desse finst i mange variantar. Mest vanleg er dei med stor åttebladrose, men ein kan og sy hjartebringklut, holmabringklut, bringklut med perlenett, eller perler på stramei. Ein vel sjølv kva slags bringklut ein vil sy. Målet med kurset er at ein i løpet av dei tre dagane kurset varar, kjem så langt med bringkluten at ein klarar å gjera den ferdig når ein kjem heim.

Skildring av bringklutar ein kan læra å sy:

Holmabringkluten har namnet sitt etter systrene Kølle som budde i Holmen i Ulvik tidleg på 1800-talet. De sydde mange bringklutar for sal, og er særleg kjend for bringklutar med applikerte åttebladroser.

Hjarteforma kom på moten kring 1840, og var nytta som motiv på fleire bringklutar. Ofte nytta ein stråperler til å laga hjartet, og pynta inni med både stråperler og andre perler.

Andre bringklutar med perler sydd på raudt ullstoff har ofte ein stor åttebladrose i midten, og to halve åttebladroser på kvar side.

Perlenett kan ein tre med ei eller to nåler. Nettet vert sidan montert på raudt ullklede.

Perler på stramei er nok den som er lettast å læra, der ein syr på ei og ei perle med halve krossting.

Tidspunkt og påmelding

Museet og husflidslaget sett opp eitt bringklut-helgekurs i 2026, med Agnete Sivertsen som kurslærar.

Kurset vert fredag 9. til sundag 11. oktober på Hardanger folkemuseum, kl 09.30 – 17.00 kvar dag. Påmelding til post@hvm.museum.no /tlf 474 79 884 innan 25. september 2026

Andre tidspunkt kan og avtalast, me arrangerer kurs for grupper heile året.

Ved færre enn 4 påmeldte deltakarar kan kurset verta avlyst.

Prisar

4700,- pr kurs for medlemmar i Folgefonn/Norges husflidslag.

5200,- pr kurs for ikkje-medlemmar

Kurset inkluderer kaffi, kaker og varm lunsj alle dagar. Kursmateriell kjem i tillegg, alt etter kva ein vel å sy.

NB! Kurset er utvida til tre dagar, fredag til sundag, slik at ein skal koma lengst mogleg med bringkluten. Om ein berre kan vera med to dagar er det også mogleg. Ta kontakt, så finn me ut av det.

Overnatting

Museet har rabattavtale med Utne hotell, som ligg rett ved museet. Deltakarar på kursa får rabatt på overnatting i hotellet sitt kunst-anneks. For å tinga overnatting, ta direkte kontakt med hotellet på reception@utnehotel.no og skriv at du skal på kurs.  Sjå også utnehotel.no

Det er og mogleg å finna overnatting på t.d. Airbnb.

For spørsmål og meir informasjon, kontakt Agnete Sivertsen, tlf 95 93 46 98, agnete.sivertsen@hvm.museum.no

Andre kurs finn du her

Tid

9 (Fredag) 09:30 - 11 (Sundag) 17:00(GMT+00:00)