– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Soria Moria

ons10des14:00ons15:00Soria MoriaUtvandringa frå Voss til USA14:00 - 15:00(GMT+00:00)

Frå prærien. Tre hestar er spent for ei høyvinde. Eit føll står attmed den eine hesten. To bønder, ein hest og ein hund står på kvar si side av hestespandet.

Om arr.

Soria Moria Foredrag om utvandringa frå Voss til USA – og litt frå Hardanger.

Velkomen til foredrag ved Eirik Helleve på Hardanger folkemuseum onsdag 10. desember kl 14.00.

200 år sidan utvandringa starta

Det er i år 200 år sidan den organiserte masseutvandringa frå Noreg til USA tok til. Voss vart raskt ei av dei største utvandringsbygdene i landet, og truleg utvandra meir enn 7000 vossingar. Mange av desse markerte seg i USA. Eirik Helleve, styrar ved Voss folkemuseum, gav tidlegare i år ut boka Soria Moria. Utvandringa frå Voss til USA. I dette foredraget vil han fortelja om ulike sider ved utvandringa, om nokre av dei som utmerka seg, og litt om det norske Amerika i dag. Han kjem til å konsentrera seg om Voss og vossingar, men han kjem nok òg til å kika mot Hardanger nokre gonger. Foredraget er rikt illustrert.

Kafeen er ope med kaffi, te og lefse eller kake.

Tid

(Onsdag) 14:00 - 15:00(GMT+00:00)

Billettar

Billettsal

Hending på Facebook

Sjekk ut