– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Kurs: folkesongen i Hardanger

lau08mar10:00lau16:00Kurs: folkesongen i Hardangeri Granvin10:00 - 16:00(GMT+00:00)

Folkesongar Anna Skeie står saman med Geirr Tveit og Rolf Myklebust.

Om arr.

Djupdykk i folkesongen frå Hardanger – oppstartskurs. 

Veit du kven Anna Skeie, Ole Olsen Fykse, Margreta Lutro, Anna Opedal (blind-Anna), Ingeleiv Nå, Marita Hauso, Henrik Kvalheim, Ivar O. Espeland og Lars Hamre er? Desse er gamle og rike kjelder for den vokale folkemusikken i Hardanger. Me skal læra om dei, lytta til dei og læra songar etter desse. Saman skal me forska på Hardanger sine fantastiske songskattar. Me er heldige som har hatt innsamlarar som såg verdien av folkesongen, lang tid tilbake. Olav Sande frå Systrond i Sogn var lærar i Granvin ein periode på tidleg 1900 talet. Han var folkeminnesamlar, komponist og statsstipendiat. Jørgen Moe samla mykje soger og songar bl.a frå Granvin og Lofthus.   

Me vil på kurset gje ei oversikt over kjelder, utøvarar og deira songar. Samt læra nokre av desse. Dette er eit oppstartskurs med von om å skapa interesse for denne tradisjonen, og at ein seinare skal kunna samlast for å læra meir. Songen har kome litt i bakgrunnen av den store hardingfeletradisjonen i vårt område. Tida er no inne for å løfta denne songskatten til nye høgder.  

Tidspunkt og påmelding

Kurset vert arrangert av Hardanger folkemusikksamling og Hardingfolk, med Lajla Renate Buer Storli som kurslærar.

Kurset vert laurdag 8. mars på Granvin barne-og ungdomsskule, kl 10.00 – 16.00. Påmelding til 906 26 084 innan 6. mars 2025

Prisar

Kurs vaksen 450,-

Kurs student eller medlem i Folkorg 300,-

Kurs born 250,-

Andre kurs finn du her

Tid

(Laurdag) 10:00 - 16:00(GMT+00:00)

Hending på Facebook

Sjekk ut