– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Helgekurs: sjonaleistar

lau11okt(okt 11)09:30sun12(okt 12)17:00Helgekurs: sjonaleistarNYTT KURS!09:30 - 17:00 (12)(GMT+00:00)

Sjonaleist

Om arr.

Strikk nydeleg bunadsokk i tvebandstrikk

Hardanger folkemuseum og Folgefonn husflidslag arrangerer fleire helgekurs der me tek for oss dei ulike teknikkane som er nytta til hardangerbunaden. På dette kurset lærar du å strikka sjonaleistar i tvebandstrikk. Sjonaleistar er ankelsokkar som høyrer til draktskikken i Hardanger og på Voss. Dei vart nytta både av kvinner, menn og born. Kring ankelen har dei ein fleirfarga mønsterbord strikka i tvebandstrikk, medan resten av sokken er kvit. På kurset går me mellom anna gjennom korleis ein legg opp i tvebandstrikk, korleis ein strikkar tvebandstrikk i ein og fleire fargar, samt tre ulike typar hælfellingar som alle er nytta på tradisjonelle sjonaleistar. Ein får og med seg mange gode triks på vegen.

Mønsterborden på sjonaleisten er strikka på pinne nr 1,25, og resten av sokken er strikka på pinne nr 2. Viss dette vert for smått, men ein likevel vil læra seg teknikken, har me eit alternativ med sjonavotten. Denne votten er inspirert av sjonaleistane og har same mønsterbord i tvebandstrikk, men vert strikka på pinne 2,5.

Museet sel strikkepakkar med oppskrift, pinnar og garn, og alt ein elles treng for å strikka sjonaleistar. Strikkepakka vert nytta på kurset. Viss ein alt har strikkepakka tek ein denne med seg. Dei som ikkje har strikkepakka får kjøpt denne på museet i samband med kurset. Sjå skildring av strikkepakka her

Tidspunkt og påmelding

Museet og husflidslaget sett opp eitt sjonaleistkurs i 2025, med Agnete Sivertsen som kurslærar.

Kurset vert laurdag 11. og sundag 12. oktober på Hardanger folkemuseum, kl 09.30 – 17.00 kvar dag. Påmelding til post@hvm.museum.no /tlf 474 79 884 innan 25. september 2025

Andre tidspunkt kan og avtalast, me arrangerer kurs for grupper heile året.

Ved færre enn 4 påmeldte deltakarar kan kurset verta avlyst.

Prisar

3400,- pr kurs for medlemmar i Folgefonn/Norges husflidslag.

3900,- pr kurs for ikkje-medlemmar

Kurset inkluderer kaffi, kaker og varm lunsj alle dagar. Sjonaleist-strikkepakken kjem i tillegg, og kostar 845,- Sjonavott-strikkepakken kostar 530,-

Overnatting

Museet har rabattavtale med Utne hotell, som ligg rett ved museet. Deltakarar på kursa får rabatt på overnatting i hotellet sitt kunst-anneks. For å tinga overnatting, ta direkte kontakt med hotellet på reception@utnehotel.no og skriv at du skal på kurs.  Sjå også utnehotel.no

Det er og råd å finna overnatting gjennom t.d. Airbnb.

For spørsmål og meir informasjon, kontakt Agnete Sivertsen, tlf 95 93 46 98, agnete.sivertsen@hvm.museum.no

Andre kurs finn du her

Tid

11 (Laurdag) 09:30 - 12 (Sundag) 17:00(GMT+00:00)