Utsett: Kunstbar - James Turrell
tors13apr19:00Utsett: Kunstbar - James TurrellUformell møteplass
Om arr.
Denne kunstbaren er diverre utsett til august. Sjekk gjerne programmet for andre arrangement i mellomtida! _______________________ Bli med på Kunstba!! Kunsthistorikar Lill Stensrud held føredrag om den amerikanske kunstnaren James Turrell. Deretter
Om arr.
Denne kunstbaren er diverre utsett til august. Sjekk gjerne programmet for andre arrangement i mellomtida!
_______________________
Bli med på Kunstba!!
Kunsthistorikar Lill Stensrud held føredrag om den amerikanske kunstnaren James Turrell.
Deretter vert det visning i lysverket av same kunstnar; vår eigen Hardanger Skyspace.
Kunstbar er ein uformell møteplass for deg og meg i Kabuso, kor me tek opp ulike tema knytt til kunst. Ofte inkluderer me og kreative aktivitetar.
Inngang: 100,-
Om Kunstbar:
Kvar månad vert eit nytt tema presentert. Temaet relaterer seg til utstillingar og anna aktuelt i Kabuso.
Kunstbar har som mål å vera ein uformell møtestad for deg og meg

Tid
Program
tors16jul13:0013:30Romansekonsert – "Svarta rosor"Sibelius-konsert på museet
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med nordiske songar av Jean Sibelius, Edvard Grieg, Gunnar de Frumerie og Ture Rangström.
Gjennom songar om kjærleik, natur, lengsel og dei flyktige augneblinkane i livet utforskar duoen den nordiske romansetradisjonen. Programmet spenner frå det lyse, vare og intime til det mørke og lidenskapelege, med naturen som spegel for menneskelege kjensler, minne og sakn.
Konserten er inkludert i inngangsbilletten til Hardanger folkemuseum.
Pris vaksne: 125 kr
Student: 75
Born: gratis