– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

AVLYST: Påskeomvising II

tors01apr13:00AVLYST: Påskeomvising II13:00(GMT+00:00)

Om arr.

Arrangementet er diverre avlyst grunna smittevernrestriksjonar. Det er høve til å sjå utstillinga på eiga hand med 2 meters avstand til andre vitjande. 

____________________

Bli med på omvising i utstillinga «Og fjorden der nede blir ved å gå videre mot havet, og blandes med alle verdens vann» torsdag 1. april kl. 13.
Omvisar: Wim van den Toorn.

Det er gratis inngang i Kabuso denne dagen, inkludert omvising.

Utstillinga gjev ulike innfallsvinklar – i form av måleri, teikning, fotografi, video og installasjon – på spørsmålet:
Kva er Hardanger i dag og kva fortel eit landskap som dette oss om identitet, historie, vitskap og forholdet vårt til natur?

Deltakande kunstnarar: Ingrid Book & Carina Hedén / Per Christian Brown / Thorbjørn Sørensen / Hege Nyborg / Helene Sommer.

Dei siste to åra har kunstnarane reist rundt i Hardanger. Dei har sett gjennom samlingane etter bilethoggar Ingebrigt Vik og botanikar Johan Havaas, lest seg opp på rapportar og litteratur og tolmodig granska vokstrar og landskap, vitskap og folkloristikk. Det ikoniske og politiske ved landskapet i Hardanger var tidleg tilstade i nasjonsbygginga, og ideen om kven vi er og korleis me forvaltar arva, er ikkje ferdig snakka. Heller ikkje her. Kva ser me der me ferdas og kva for forteljingar skapar me ut av det me ser?
Tittelen på utstillinga er henta frå Renæssance, ei novelle Hans E. Kinck publiserte i 1899.