Ein veg - ei reise med Bergensbanen
fre19mar20:00Ein veg - ei reise med BergensbanenLitterær konsert
Om arr.
Fredag 19. mars kl 20 kan du bli med på ei musikalsk reise: Ut av konsertsalen i Kabuso og avgarde med Bergensbanen i lag med Dag Helleve, Marius Klovning og
Om arr.
Fredag 19. mars kl 20 kan du bli med på ei musikalsk reise: Ut av konsertsalen i Kabuso og avgarde med Bergensbanen i lag med Dag Helleve, Marius Klovning og Jakob Eri Myhre!
Medverkande:
Dag Helleve (tekst)
Marius Klovning (gitar)
Jakob Eri Myhre (trompet)
“Ein veg” er eit samarbeidsprosjekt mellom forfattar Dag Helleve og gitarist Marius Klovning som tar for seg ei reise med Bergensbanen i tekst og musikk.
Prosjektet tar for seg utvalde delar av historien til togstrekninga mellom Voss og Oslo, samt refleksjonar og naturskildringar på vegen.
Musikken er skriven av Klovning og vert framført saman med trompetist Jakob Eri Myhre.
Dette prosjektet er ein del av mastergradsutdanninga til Klovning ved Norges musikkhøgskule og vart framført
for første gong på Voss jazzklubb i september 2020. Etter konserten skreiv Avisa Hordaland blant anna dette:
“Teksten er lun og stemningsfull. Humoristisk og alvorleg på same tid. Saman finn forfattaren og musikarane tonen. Det er tid for refleksjon og ettertanke. Togkupeen
er verkeleg ein stad å drøyme seg vekk”
Klovning og Myhre spelar til vanleg saman i bandet Hullyboo som har eksistert sidan 2012 og som har gitt ut to plater.
Den nyaste, “Farkost”, vart gitt ut på vinyl og cd av Øra Fonogram i 2019 til strålande kritikkar.
Billettar
Tid
Hending på Facebook
Program
tors16jul13:0013:30Romansekonsert – "Svarta rosor"Sibelius-konsert på museet
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med nordiske songar av Jean Sibelius, Edvard Grieg, Gunnar de Frumerie og Ture Rangström.
Gjennom songar om kjærleik, natur, lengsel og dei flyktige augneblinkane i livet utforskar duoen den nordiske romansetradisjonen. Programmet spenner frå det lyse, vare og intime til det mørke og lidenskapelege, med naturen som spegel for menneskelege kjensler, minne og sakn.
Konserten er inkludert i inngangsbilletten til Hardanger folkemuseum.
Pris vaksne: 125 kr
Student: 75
Born: gratis