– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Husmann

lau17okt18:30lau20:00HusmannMusikkteater18:30 - 20:00(GMT+00:00)

Om arr.

HUSMANN er eit tingingsverk laga til husmannsplassen Kvemmadokkje i Ulvik. Urframføringa der 13. juli 2019 vart ein stor suksess – og grunna korona vert dette fyrste gong Husmann framførast siden premieren.

Husmann er eit musikkteater. Manus er skrive av den prislønna forfattaren Ruth Lillegraven frå Granvin, og musikken er komponert av Rannveig Djønne og Annlaug Børsheim.

Rannveig Djønne frå Djønno i Ullensvang spelar toradar, og Annlaug Børsheim frå Ulvik er på feler, song og gitar. Saman med dei på scena står dei røynde og dyktige skodespelarane Morten Svartveit frå Voss og Kjærsti Odden Skjeldal frå Fredrikstad, og folkedansaren Torkjell Lunde Børsheim frå Ulvik.

Manuset er skrive med inspirasjon frå husmannslivet i Hardanger og
musikken henta inspirasjon frå tradisjonsmusikken.

Velkomne til ei flott oppleving!

Framsyninga «Husmann» er utarbeida med stønad frå:
Norsk Kulturråd
Hordaland Fylkeskommune
TONO
Fond for utøvende kunstnere
Haldor O. Opedal sitt fond.

Begrensa antal plassar. Billettar kr. 350,-.  Billettar må førehandstingast. Lenkje til ticketco: https://hardangerfolkemuseum.ticketco.events/no/nb/e/konsert_husmann_og_utstillingsopning_et_underlig_fenomen

Ta elles kontakt på post@hvm.museum.no.

Før framsyninga vert det opning av kunstutstillinga Utsikt fra Utne av kunstnaren An Doan Nguyen (sjå eige arrangement). Opninga er inkludert i billett til Husmann.

Tid

(Laurdag) 18:30 - 20:00(GMT+00:00)

Billettar

>>> Kjøp

Hending på Facebook

>>> Sjekk ut