Lars Kinsarvik
Treskjerar i dragestil
Kinsarvik fekk stor innverknad på korleis norsk treskjerarkunst utvikla seg ved forrrige århundreskifte. Han var særleg inspirert av drakestilen og norrøn mytologi. Kinsarvik hadde mange utsmykkingsoppdrag, både i kyrkjer, turisthotell og kaffistover.
Han var representert på fleire utstillingar både i Noreg og utlandet, mellom anna på verdsutstillinga i Paris i 1899. Frå same året vart han også statsstipendiat.
Interessant er det også at store skulptørar som Lars Utne starta karriera si som læregutar hjå Lars Kinsarvik.