Kulturminnedagen 2020
ons05feb09:2709:27Kulturminnedagen 2020
Om arr.
Kulturminnedagen 2020 går av stabelen 6. september. Her vert det mange kjekke aktivitetar for store og små, som de både kan sjå på og delta i. Meir info om kva aktivitetar
Om arr.
Kulturminnedagen 2020 går av stabelen 6. september.
Her vert det mange kjekke aktivitetar for store og små, som de både kan sjå på og delta i. Meir info om kva aktivitetar kjem.
Barnekaféen «Det gyldne eple» er og ope. Her styrer borna sjølve butikken med sal av eplemuffins og eplesaft.
Det vert sal av eldhuspizza, eplesaft og kaffi frå eldhuset.
Det vert familiekonsert med Kari Finne Singsås.
Kuturminnedagane markerast over heile landet i mellom 5-13.9.20. Årets tema er Lære, bruke, bære.
Velkomne!
NB! Museet med utstillingar og butikk er ope frå 13-17. Kaféen er ope frå 13:30-17.
Tid
Program
tors16jul13:0013:30Romansekonsert – "Svarta rosor"Sibelius-konsert på museet
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med
Om arr.
Torsdag 16. juli kan de høyre romansekonserten «Svarta rosor» ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala på Hardanger folkemuseum. Duoen inviterer til ein stemningsfull konsert med nordiske songar av Jean Sibelius, Edvard Grieg, Gunnar de Frumerie og Ture Rangström.
Gjennom songar om kjærleik, natur, lengsel og dei flyktige augneblinkane i livet utforskar duoen den nordiske romansetradisjonen. Programmet spenner frå det lyse, vare og intime til det mørke og lidenskapelege, med naturen som spegel for menneskelege kjensler, minne og sakn.
Konserten er inkludert i inngangsbilletten til Hardanger folkemuseum.
Pris vaksne: 125 kr
Student: 75
Born: gratis