Utleige bunad og bruredrakt
Bunad til dame, herre og konfirmant
- Bruredrakt, sylv og kruner
- Herrebunad med jakke og trøye
- Herredrakt med bol og belte.
- Bunad til konfirmant – både til gut og jente.
Me tilpassar kleda den som skal bere dei. Ta kontakt for prøving.
Bruredrakta
Hardanger har rike draktradisjonar.
Bruredrakta er annleis enn den vanlege kvinnebunaden. Den har raud stakk med mykje pynt på og svart trøye.
På trøya er det festa to livstykke med perler eller maljer på.
Sylvbeltet ber ein fyrste gong som brur, likeins Agnus Dei (dalarkjede) kring halsen.
Dei vakre brurekrunene har røter i Mariadyrkinga i mellomalderen.
Ta kontakt med tekstilansvarleg Torill Måkestad for spørsmål, prøving etc:
456 62 310 / torill.stolheim.makestad@hvm.museum.no