SONGARVEN - KURS

Om arr.
SONGARVEN, eit kurs i folkesong frå Hardanger og Voss Fyrste kurdag: onsdag 12.november kl.17.30-20.30 Andre kursdag: torsdag13. november kl.17.30-20.30 Berit Opheim og Lajla Storli har i mange år bruka tid på songskatten
Om arr.
SONGARVEN, eit kurs i folkesong frå Hardanger og Voss
Fyrste kurdag: onsdag 12.november kl.17.30-20.30
Andre kursdag: torsdag13. november kl.17.30-20.30
Berit Opheim og Lajla Storli
har i mange år bruka tid på songskatten frå Hardanger og Voss. Dei
har jobba mykje med å finna fram songmateriale, og er begge viktige formidlarar av folkesongen
på Vestlandet. No vil dei dele denne kunnskapen og målet er å opplyse om kva som finnes av materiale, inspirera
folk til å bruke det i skule, barnehage, frå scenen eller anna formidlingsarbeid. Dette er også eit
kurs for dei som berre vil læra seg songar, og auke repertoaret og kunnskapen rundt temaet
folkesong.
Kjeldene:
2027 er det 100 år sidan Vestlandets største folkesonginnsamlar Olav Sande døydde.
Det er difor naturleg å gje god plass til songar ein finn i hans samlingar.
Kurset vil og informera om dei ulike kjeldene og kva type songar ein finn innafor feltet folkesong.
Ein vil gå i djupna av balladar, viser og stev frå Hardanger og Voss, og jobbe med stil og
formidling av stoffet.
Stemmebruk og teknikk vil og vera ein del av undervisninga.
Dette er eit fyrste kurs, der ein planlegg fleire framover i 2026 og 2027.
PRIS: KR 1000,-
PÅMELDING INNAN 7.NOV TIL: ls@lajlastorli.no
Tid
12 (Onsdag) 17:30 - 13 (Torsdag) 20:30(GMT+00:00)
Billettar
BillettsalHending på Facebook
Sjekk utProgram
Arrangementstype
Alle
Aktivitet
Arrangement
For familien
Konsert
Kurs
Undervisning
Utstilling
Arrangør
Alle
Agatunet
Borgstova
Granvin bygdetun
Hardanger fartøyvernsenter
Hardanger folkemuseum
Hardingfela.no
Hardingfela.no
Kabuso
Skredhaugen
Storeteigen
Voss folkemuseum