Helgekurs: bringklut
Om arr.
Sy din eigen bringklut Hardanger folkemuseum og Folgefonn husflidslag arrangerer fleire helgekurs der me tek for oss dei ulike teknikkane som er nytta til hardangerbunaden. På dette kurset lærar du å
Om arr.
Sy din eigen bringklut
Hardanger folkemuseum og Folgefonn husflidslag arrangerer fleire helgekurs der me tek for oss dei ulike teknikkane som er nytta til hardangerbunaden. På dette kurset lærar du å sy bringklut med perler på raudt klede. Desse finst i mange variantar. Mest vanleg er dei med stor åttebladrose, men ein kan og sy hjartebringklut, holmabringklut, bringklut med perlenett, eller perler på stramei. Ein vel sjølv kva slags bringklut ein vil sy. Målet med kurset er at ein i løpet av dei tre dagane kurset varar, kjem så langt med bringkluten at ein klarar å gjera den ferdig når ein kjem heim.
Skildring av bringklutar ein kan læra å sy:
Holmabringkluten har namnet sitt etter systrene Kølle som budde i Holmen i Ulvik tidleg på 1800-talet. De sydde mange bringklutar for sal, og er særleg kjend for bringklutar med applikerte åttebladroser.
Hjarteforma kom på moten kring 1840, og var nytta som motiv på fleire bringklutar. Ofte nytta ein stråperler til å laga hjartet, og pynta inni med både stråperler og andre perler.
Andre bringklutar med perler sydd på raudt ullstoff har ofte ein stor åttebladrose i midten, og to halve åttebladroser på kvar side.
Perlenett kan ein tre med ei eller to nåler. Nettet vert sidan montert på raudt ullklede.
Perler på stramei er nok den som er lettast å læra, der ein syr på ei og ei perle med halve krossting.
Tidspunkt og påmelding
Museet og husflidslaget sett opp eitt bringklut-helgekurs i 2025, med Agnete Sivertsen som kurslærar.
Kurset vert fredag 7. til sundag 9. mars på Hardanger folkemuseum, kl 09.30 – 17.00 kvar dag. Påmelding til post@hvm.museum.no /tlf 474 79 884 innan 20. februar 2025
Andre tidspunkt kan og avtalast, me arrangerer kurs for grupper heile året.
Ved færre enn 4 påmeldte deltakarar kan kurset verta avlyst.
Prisar
4400,- pr kurs for medlemmar i Folgefonn/Norges husflidslag.
4900,- pr kurs for ikkje-medlemmar
Kurset inkluderer kaffi, kaker og varm lunsj alle dagar. Kursmateriell kjem i tillegg, alt etter kva ein vel å sy.
NB! Kurset er utvida til tre dagar, fredag til sundag, slik at ein skal koma lengst mogleg med bringkluten. Om ein berre kan vera med to dagar er det også mogleg. Ta kontakt, så finn me ut av det.
Overnatting
Museet har avtale med Utne hotel om rabattert pris på overnatting. Denne helga har hotellet ikkje opna for sesongen enno, men tilbyr overnatting utan frokost i kunst-annekstet til 1400,- pr person i enkeltrom og kr 1000,- pr person i dobbeltrom pr natt. Elles er det mogleg å finna overnatting på t.d. Airbnb. Ta gjerne kontakt om du treng hjelp til å finna overnatting, så finn me heilt sikkert ut av det.
For spørsmål og meir informasjon, kontakt Agnete Sivertsen, tlf 95 93 46 98, agnete.sivertsen@hvm.museum.no
Andre kurs finn du her
Tid
7 (Fredag) 09:30 - 9 (Sundag) 17:00(GMT+00:00)
Program
Arrangementstype
Alle
Aktivitet
Arrangement
For familien
Konsert
Kurs
Undervisning
Utstilling
Arrangør
Alle
Agatunet
Borgstova
Granvin bygdetun
Hardanger fartøyvernsenter
Hardanger folkemuseum
Hardingfela.no
Hardingfela.no
Kabuso
Skredhaugen
Storeteigen
Voss folkemuseum