En reise blant rosemalere i Hardanger
tors16jan19:30En reise blant rosemalere i HardangerBoklansering19:30(GMT+00:00)
Om arr.
Rosemålarane i Hardanger samla i ny bok Sverre Strandenes er ute med ny bok, som vert lansert på Hardanger folkemuseum torsdag 16. januar kl 19.30. Boka «En reise blant rosemalere i
Om arr.
Rosemålarane i Hardanger samla i ny bok
Sverre Strandenes er ute med ny bok, som vert lansert på Hardanger folkemuseum torsdag 16. januar kl 19.30. Boka «En reise blant rosemalere i Hardanger» fortel om både lokale og tilreisande bygdekunstnarar som var aktive med rosemåling i Hardanger i perioden frå rundt 1780 og dei neste 100 åra.
Om boka
«I kistene gøymde forfedrene sine kjæraste skattar. Nærare hjarta kom du knapt. Kom det ein rosemålar forbi fekk desse gøymestadane dei vakraste fargar og roser dei såg seg råd til. Eit eventyr av kulørte og sikre penselstøk med sveivar, blomar, knuppar og blad. Namnet til eigaren og årstal med elegant svung på framsida. Kansje og nokre figurar og rosesveivar skjult under loket. Arbeid utan signatur. Folkekunst av høg klasse.
Kven var desse bygdekunstnarane som gav oss all denne vakre dekoren? Nokre har me kjent til, men dei fleste har vore gløymde, eller fått ein stad godt inne i den ukjende skuggen. Med denne boka av Sverre Strandenes vert me gjort kjendt både med kunstnarane og historiane bak. I eit grundig arbeid får me her greie på stilarter, påverking, historiar og reiseruter til desse, ofte vandrande målarane. Ei bok full av fargerike opplysande bilete teke av forfattaren sjølv. Ei vakker bok som dokumenterer og gjev oss nyttig og inngåande oversikt over denne folkekunsten, men som også vil vera med og auka verdien og forståinga til desse arvestykka inn i framtida» skriv Guttorm A. Rogdaberg i forordet til boka.
Forfattaren
Sverre Strandenes, født i 1956, har utdanning frå Universitetet i Bergen med hovedfag i geofysikk. Han har heile sin yrkesaktive karriere jobba i oljebransjen, først i Norsk Hydro og senere i PGS. Ei sterk interesse for bondeantikvitetar og kulturhistorie har tidligare ført til utgjevingane «Snus i snogen, tromf i brogen – en bok om kjenger» i 2020 og oppfylgjaren «Snus i snogen, tromf i brogen del II – en bok om hankestaup» i 2023.
Kafeen er ope, og etter foredraget blir det høve til å kjøpe signerte bøker.
Hjarteleg velkomne alle!
Tid
(Torsdag) 19:30(GMT+00:00)
Billettar
BilettsalHending på Facebook
Sjekk ut!Program
Arrangementstype
Alle
Aktivitet
Arrangement
For familien
Konsert
Kurs
Undervisning
Utstilling
Arrangør
Alle
Agatunet
Borgstova
Granvin bygdetun
Hardanger fartøyvernsenter
Hardanger folkemuseum
Hardingfela.no
Hardingfela.no
Kabuso
Skredhaugen
Storeteigen
Voss folkemuseum