– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Diktardagen

lau10jun15:00Diktardagenmed Gro Dahle15:00(GMT+00:00)

Om arr.

Gro Dahle får Diktartavla 2023

Haugesenteret og Hardanger folkemuseum heidrar den folkekjære poeten Gro Dahle med ein plass på Diktarstien. Prisutdelinga finn stad på Hardanger folkemuseum laurdag 10. juni kl. 15.00.  

Sidan debutsamlinga Audiens kom ut i 1987 har den leikande pennen til Gro Dahle gjeve ut poesi, prosa, og dramatikk for både vaksne og born. Over 60 bøker har det blitt, deriblant 17 diktsamlingar. Den nyaste diktsamlinga hennar, Elskede grøftekant, kom i 2022. 

Mellommenneskelege relasjonar, daglege hendingar og dyra sine perspektiv er motiv som går att i tekstane til Dahle. Gjennom diktsamlingane har Dahle utvikla eit særeige poetisk språk, der ei leikande og naivistisk form blandar seg med bråe assosiasjonskast og eit underliggjande alvor. Diktinga til Dahle er ofte konkret, men samstundes snur og vender ho språket til noko overraskande og leikent.  

– Gro Dahle er ein poet som fylgjer etter orda og leikar med språket sine lydleg kvalitetar. Dikta handlar om dei nære tinga, og det kvardagslege blir poesi i Dahle si dikting, seier Jorid Lekve Eide, arenaleiar i Haugesenteret. 

Diktarstien på Utne er ein vakker hellegang med til no 32 diktartavler som prydar det flotte museumstunet ved Hardanger folkemuseum på Utne. Dahle går inn i rekkja av markante diktarar som har fått Diktartavla. Blant dei andre finn me Olav H. Hauge, Halldis Moren Vesaas, Jan Erik Vold, Kolbein Falkeid, Tone Hødnebø, Jon Fosse, Cecilie Løveid, Eldrid Lunden og Øyvind Rimbereid.

Programmet

Under prisutdelinga ved Hardanger folkemuseum vil Dahle framføra utvalde verselinjer, og samtala om diktinga si saman med Jorid Lekve Eide, arenaleiar i Haugesenteret. Etter den litterære samtalen blir det konsert med Olaf Kamfjord, Jon Kirkebø Rosslund og Reidar Vinje Stensvold. Desse tre vestfoldmusikarane er tre femtedelar av bandet Herrene i haven. Gro Dahle har i ei årrekkje levert songtekstar til dette bandet. Songane i denne konserten er både for born og vaksne, og alle songane har sjølvsagt tekstar av prisvinnaren Dahle.

Diktardagen er eit årleg arrangement der ein heidrar ein norsk forfattar ved å leggja ned ei diktartavle for vedkomande på Diktarstien ved Hardanger folkemuseum. Den første diktartavla kom i 1992. Diktardagen blei offisielt etablert på 85-årsdagen til Olav H. Hauge i 1993. Hauge var sjølv ein av initiativtakarane til Diktarstien. 

Prisen Diktartavla skal heidra ein markant norsk forfattarskap. Forfattaren må ha utmerkt seg særskilt innanfor lyrikk. Diktardagen skal også fremja positiv merksemd om norsk lyrikk. 

Foto: Lina Hindrum

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangerte i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Billettar

Bilettsal

Hending på Facebook

Sjekk ut!