– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Fruktdyrking i Hardanger

Fruktdyrking har vore ei viktig næringsgrein i Hardanger dei siste to hundre åra. Det er difor naturleg for Hardanger folkemuseum å samla og ta vare på historia om frukt og fruktdyrking i regionen.

Omkring år 1200 etablerte cisterciensarmunkar frå Lysekloster ved Bergen, ein avlsgard i Opedal i Ullensvang. Munkane hadde kontakt med kloster elles i Europa og herifrå fekk dei frø og plantar som dei kunne dyrka på eigne gardar. Garden i Opedal vart såleis den fyrste i Hardanger som planta både eple, pærer og plommer. Herifrå spreidde fruktdyrkinga seg langs Hardangerfjorden. Det var særleg eple og kirsebær som vart planta i byrjinga, sidan desse er enklast å planta frå stiklingar og rotskot, eller frø.

Munkane hadde kunnskap om fruktdyrking og dei kunne, gjennom sitt nettverk elles i Europa, importera nye artar som også  treivst i vårt klima. Då reformasjonen kom i 1536 vart klostera lagde ned, dermed forsvann ein del av kunnskapen og tilgangen på tre i området. Likevel finn me døme på at fruktdyrking hadde vorte ein næringsveg. Blant anna har me namn på nokre sortar som oppstod i Hardanger i denne tida. Dette viser at det har funnest folk som kunne poda og såleis kunne avla fram eigne sortar.

I byrjinga var fruktdyrking mest til eige bruk, men utover på 1300-talet kan ein, gjennom dokument som arvetvistar, sal av gardar, rettstvistar og liknande, sjå at kommersiell dyrking av frukt fann stad på fleire gardar. Det var likevel ikkje før rundt 1750 og framover, at fruktdyrking vart ei vanleg tilleggsnæring på mange gardar i Hardanger.

Det var i hovudsak eple og kirsebær som vart planta, men òg noko plommer og pærer. Nyplantinga skuldast at fleire i Hardanger lærde seg kunsten å poda nye tre. Dette er ein metode der ein tek rota til eit eksisterande tre og transplanterer ein kvist frå eit frukttre på rota. I Hardanger vart treslaga asal og rogn mykje brukte som rot. Desse treslaga veks vilt i området, og det var difor mykje enklare å få tak i materiale ein trong for nyplantingar og ein kunne bruka rotsystem som ein visste treivst i dette klimaet.

Poding er essensiell for frukttredyrking også i dag. Ved poding vert resultatet ein eksakt klon av det opphavelege treet. Om ein plantar frø frå eit kjernehus kan ein få alt frå ingen tre, via ubrukelege villeple til, ein sjeldan gong, eit tre med den opphavelege frukta. Ved poding får ein i tillegg eit rotsystem på treet som er betre eigna til lokale klima og jordkvalitetar, enn mortreet.

Nyplanta frukttre som er gjerda inne for å beskytta dei for geit og sau.

Fruktdyrkinga var lenge ikkje einaste leveveg for bøndene. Frukttrea vart ofte planta i utkantane av den dyrka marka slik at den beste jorda framleis var til å dyrka fôr til husdyra.

Det er stor skilnad på korleis frukttrea vart dyrka fram før og no. Gamle frukttre var høge med kraftig stamme og stor trekrune. Dette kan ein òg sjå på dei eldste trea som står i museumstunet. Trea fekk stort sett leva sitt eige liv med lite beskjering. Slike tre kan bera mykje frukt, men dei er arbeidskrevjande å stella og å hausta.

Dagens tre er mykje mindre og spinklare. Dei fleste frukttre er i dag poda på røter av tre som er svært svaktveksande og er godt rusta mot kulde og frost. Ved å ha små tre får ein større avling på same arealet. I tillegg er trea enklare å beskjera og å kontrollera for skadedyr og sjukdommar.

Heilt sidan starten av fruktdyrkinga i Hardanger har siderproduksjon vore eit innslag i regionen si historie. Dei fleste fruktdyrkarar sette sider i kjellaren for festlege lag og til eige bruk. I nyare tid har fleire eplebønder satsa på kommersiell produksjon av sider.

I 2016 vart det lovleg med gardssal frå sidergardane. Kravet var at minst 30 prosent av råvarene til sideren kom frå eigen gard. Dette har ført til ei oppblomstring av ei ny næring i regionen og ført til at epleprodusentane har fleire bein å stå på.

Etterkvart som det har vorte fleire siderprodusentar, har det ført til ei fantastisk blanding av samarbeid og sunn konkurranse som gjer at produktet stadig vert betre, og at Sider frå Hardanger har vorte eit varemerke for regionen.

 

 

 

Eplesortar ved Hardanger folkemuseum

Alexander:
Russisk sort som kom frå området rundt Moskva og vart fyrst omtala seint på 1700-talet. Kjend som Aport i Russland, men kom til Tyskland under namnet Kaiser Alexander von Russland. Kom til Noreg rundt 1830 og vart mykje planta seint på 1800-talet sidan han var svært motstandsdyktig mot kalde vintrar. Eplet eignar seg både som bord- og hushaldsfrukt. Denne er enda ikkje planta ut i tunet, men den kjem i nær framtid.

Brureple:

Ukjent opphav. God bordfrukt, men kort brukstid. Eignar seg ikkje for lagring. Kvisten til dette treet kjem frå Ljono i Ulvik.

Bramley’s seedling:

Engelsk sort frå 1876 som har fått namn etter han som fann sorten; skomakar Bramley. Sorten kom til Danmark i 1883 og til Norge ca. 1890. Vart dyrka som hushaldsfrukt og eignar seg svært godt til sylting og baking. Ikkje særleg godt som bordeple

Dumelow’s seedling:

Denne sorten oppstod i England på byrjinga av 1800-talet. Dette eplet vert ikkje moge før i oktober, og er såleis mellom dei siste som vert hausta. Eplet eignar seg svært godt i matlaging, men er ikkje eigna som bordeple.

Fosseple:

Norsk sort. Har fått namn frå garden Foss i Sogndal, men usikkert om det er her eplet har sitt opphav. Sidan garden hadde fleire utanlandske eigarar på 1800-talet er det truleg innført utafrå. Svært godt som bordfrukt.

Franskar:

Usikkert opphav. Dyrka på Utne frå ca. 1800 og vart mykje planta kring 1900. Haldbart til november. Brukt som vanleg bordfrukt.

Gravenstein:

Vi kan fylgja denne sorten attende til Graasten Slot på Sønderjylland frå 1698. Fyrst planta i Noreg på Aga i Hardanger i 1792. Svært god kvalitet, har vore ein dominerande sort i fruktdyrking heilt fram til i dag. Avarten Raud Gravenstein er fortsatt ein av dei fire store eplesortane som vert dyrka i Noreg.

Håkonseple:

Dette eplet kjem frå eit tre som vart sådd som frø på småbruket Sjøtun i Selsvik, Jondal i 1905. Eplet er kalla opp etter han som då var den nye kongen i Noreg, kong Haakon.

Hollandsk Gravenstein:

Mest truleg ein avart av Gravenstein, men sikkert opphav er ukjent. Eplet vart også kalla Strutar. Kvisten til dette treet kjem frå Fryste (Frøystein) i Ulvik.

Indreseple:

 

James Grieve:

Dette er ein skotsk sort som vart introdusert i 1890. Kom til Noreg i byrjinga av 1900-talet. Vart mykje planta her sidan det er riktberande og gjev ei stabil og stor avling. Treet og frukta er diverre utsett for sjukdom og skurv og får lett støytskader. Det vart difor erstatta med andre sortar som er lettare å lagra og har betre haldbarheit. Vert mest brukt til bordfrukt. Sorten er endå ikkje planta ut i tunet, men den kjem snart.

Kaupanger:

Truleg norsk opphav. Har venteleg namnet sitt frå garden Kaupanger i Sogn, men det vart nok planta tidlegare i Hardanger. Eplet vart òg kalla Skåleple i Hardanger.

Lena Tidlig:

Ukjent opphav, men er mest truleg ein avart av Rosenstrips.

Lena Sein:
Ukjent opphav, men er mest truleg ein avart av Rosenstrips. Kvisten til dette treet kjem frå eit eldre tre som står her i museumshagen på Utne.

Paradiseple:

Ukjent opphav. Eit lite eple som  vart mest brukt til direkte konsum. Mest brukt til syltetøy, hermetikk og som dekorasjon. Kvisten til dette treet kjem frå Rogdaberg ved Aga.

Prins/ Prinsar:

Norsk sort, truleg med opphav frå Hardanger. Fyrst planta på Brandstveit ved Jåstad cirka 1860. Eplet var svært utbreidd på Vestlandet, men er utsatt for frukttrekreft i fuktige kystområde så det vart erstatta med andre sortar. Prins vert no lite dyrka som salsvare, men står i mange småhagar til hushaldsbruk.

Raud Gravenstein:

Avart av Gravenstein. Vart dyrka fram i Washington, USA i 1908 og kom til Noreg i 1925. Framleis mykje dyrka i Noreg. Eplet er av svært god kvalitet og eignar seg godt både som konsumeple og til eplesaft.

Raud Prins:

Etterkomar av Prins.

Raud Torsteinseple:

Ribston:

Enkelsk sort. Vanskeleg å fastslå når han oppstod, men han er svært gamal. Kom til Noreg ca. 1860. Noko krevjande å dyrka.

Rosenstrips:

Ukjent opphav. Godt kjend og mykje dyrka i Hardanger tidlegare. Eplet er opphavet til fleire av sortane som har oppstått i Hardanger. Kvisten til dette treet er henta frå Aga.

Sävstaholm:

Svensk sort. Usikkert når han oppstod, men han kom til Noreg rundt 1860. Godt eple, men har kort lagringstid.

Stor Granat:

Sukkereple:

Namnet viser ikkje til ein spesiell eplesort. Gamle epletre fekk ofte namn etter smak eller plassering på garden. Eit epletre med spesielt søte eple kunne difor få namn som «Søtapalen» eller «Sukkerapalen». (Apal er eit gamalt namn for epletre.) Slike tre var ofte planta frå frø slik at ein ikkje visste akkurat kva eplesort det var.

Søteple:
Sjå Sukkereple

Tolleifseple:

Ukjent opphav, men truleg frå Hardanger. Kvisten til treet her kjem frå Helleland.

Torstein:

Uvisst opphav, men truleg kom den fyrste kvisten til Noreg rundt 1750 frå Danmark. Truleg fyrst planta i Opedal, Hardanger  ca. 1760.

Transparente blanche:
Har sitt opphav frå Balkan og kom til Noreg rundt 1900. Dette er ein tidleg sort og er moge i august. Spesielt glasaktig fruktkjøt.

Tveiteple:

Har sitt opphav frå Tveit i Ullensvang. Vart fyrst planta i 1825.

Ulgeneseple:

Har sitt opphav frå Ulgenes i Ullensvang (no Voss). Dette eplet er ei vidareføring av sorten Rosenstrips. Dette er ein lokal sort som stort sett berre vart planta i Hardanger.