– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Fruktdyrking i Hardanger

Fruktdyrking har vore ei viktig næringsgrein i Hardanger dei siste to hundre Ă¥ra. Det er difor naturleg for Hardanger folkemuseum Ă¥ samla og ta vare pĂ¥ historia om frukt og fruktdyrking i regionen.

Omkring Ă¥r 1200 etablerte cisterciensarmunkar frĂ¥ Lysekloster ved Bergen, ein avlsgard i Opedal i Ullensvang. Munkane hadde kontakt med kloster elles i Europa og herifrĂ¥ fekk dei frø og plantar som dei kunne dyrka pĂ¥ eigne gardar. Garden i Opedal vart sĂ¥leis den fyrste i Hardanger som planta bĂ¥de eple, pærer og plommer. HerifrĂ¥ spreidde fruktdyrkinga seg langs Hardangerfjorden. Det var særleg eple og kirsebær som vart planta i byrjinga, sidan desse er enklast Ă¥ planta frĂ¥ stiklingar og rotskot, eller frø.

Munkane hadde kunnskap om fruktdyrking og dei kunne, gjennom sitt nettverk elles i Europa, importera nye artar som ogsĂ¥  treivst i vĂ¥rt klima. DĂ¥ reformasjonen kom i 1536 vart klostera lagde ned, dermed forsvann ein del av kunnskapen og tilgangen pĂ¥ tre i omrĂ¥det. Likevel finn me døme pĂ¥ at fruktdyrking hadde vorte ein næringsveg. Blant anna har me namn pĂ¥ nokre sortar som oppstod i Hardanger i denne tida. Dette viser at det har funnest folk som kunne poda og sĂ¥leis kunne avla fram eigne sortar.

I byrjinga var fruktdyrking mest til eige bruk, men utover pĂ¥ 1300-talet kan ein, gjennom dokument som arvetvistar, sal av gardar, rettstvistar og liknande, sjĂ¥ at kommersiell dyrking av frukt fann stad pĂ¥ fleire gardar. Det var likevel ikkje før rundt 1750 og framover, at fruktdyrking vart ei vanleg tilleggsnæring pĂ¥ mange gardar i Hardanger.

Det var i hovudsak eple og kirsebær som vart planta, men Ă²g noko plommer og pærer. Nyplantinga skuldast at fleire i Hardanger lærde seg kunsten Ă¥ poda nye tre. Dette er ein metode der ein tek rota til eit eksisterande tre og transplanterer ein kvist frĂ¥ eit frukttre pĂ¥ rota. I Hardanger vart treslaga asal og rogn mykje brukte som rot. Desse treslaga veks vilt i omrĂ¥det, og det var difor mykje enklare Ă¥ fĂ¥ tak i materiale ein trong for nyplantingar og ein kunne bruka rotsystem som ein visste treivst i dette klimaet.

Poding er essensiell for frukttredyrking ogsĂ¥ i dag. Ved poding vert resultatet ein eksakt klon av det opphavelege treet. Om ein plantar frø frĂ¥ eit kjernehus kan ein fĂ¥ alt frĂ¥ ingen tre, via ubrukelege villeple til, ein sjeldan gong, eit tre med den opphavelege frukta. Ved poding fĂ¥r ein i tillegg eit rotsystem pĂ¥ treet som er betre eigna til lokale klima og jordkvalitetar, enn mortreet.

Nyplanta frukttre som er gjerda inne for Ă¥ beskytta dei for geit og sau.

Fruktdyrkinga var lenge ikkje einaste leveveg for bøndene. Frukttrea vart ofte planta i utkantane av den dyrka marka slik at den beste jorda framleis var til Ă¥ dyrka fĂ´r til husdyra.

Det er stor skilnad pĂ¥ korleis frukttrea vart dyrka fram før og no. Gamle frukttre var høge med kraftig stamme og stor trekrune. Dette kan ein Ă²g sjĂ¥ pĂ¥ dei eldste trea som stĂ¥r i museumstunet. Trea fekk stort sett leva sitt eige liv med lite beskjering. Slike tre kan bera mykje frukt, men dei er arbeidskrevjande Ă¥ stella og Ă¥ hausta.

Dagens tre er mykje mindre og spinklare. Dei fleste frukttre er i dag poda pĂ¥ røter av tre som er svært svaktveksande og er godt rusta mot kulde og frost. Ved Ă¥ ha smĂ¥ tre fĂ¥r ein større avling pĂ¥ same arealet. I tillegg er trea enklare Ă¥ beskjera og Ă¥ kontrollera for skadedyr og sjukdommar.

Heilt sidan starten av fruktdyrkinga i Hardanger har siderproduksjon vore eit innslag i regionen si historie. Dei fleste fruktdyrkarar sette sider i kjellaren for festlege lag og til eige bruk. I nyare tid har fleire eplebønder satsa pĂ¥ kommersiell produksjon av sider.

I 2016 vart det lovleg med gardssal frĂ¥ sidergardane. Kravet var at minst 30 prosent av rĂ¥varene til sideren kom frĂ¥ eigen gard. Dette har ført til ei oppblomstring av ei ny næring i regionen og ført til at epleprodusentane har fleire bein Ă¥ stĂ¥ pĂ¥.

Etterkvart som det har vorte fleire siderprodusentar, har det ført til ei fantastisk blanding av samarbeid og sunn konkurranse som gjer at produktet stadig vert betre, og at Sider frĂ¥ Hardanger har vorte eit varemerke for regionen.

 

 

 

Eplesortar ved Hardanger folkemuseum

Alexander:
Russisk sort som kom frĂ¥ omrĂ¥det rundt Moskva og vart fyrst omtala seint pĂ¥ 1700-talet. Kjend som Aport i Russland, men kom til Tyskland under namnet Kaiser Alexander von Russland. Kom til Noreg rundt 1830 og vart mykje planta seint pĂ¥ 1800-talet sidan han var svært motstandsdyktig mot kalde vintrar. Eplet eignar seg bĂ¥de som bord- og hushaldsfrukt. Denne er enda ikkje planta ut i tunet, men den kjem i nær framtid.

Brureple:

Ukjent opphav. God bordfrukt, men kort brukstid. Eignar seg ikkje for lagring. Kvisten til dette treet kjem frĂ¥ Ljono i Ulvik.

Bramley’s seedling:

Engelsk sort frĂ¥ 1876 som har fĂ¥tt namn etter han som fann sorten; skomakar Bramley. Sorten kom til Danmark i 1883 og til Norge ca. 1890. Vart dyrka som hushaldsfrukt og eignar seg svært godt til sylting og baking. Ikkje særleg godt som bordeple

Dumelow’s seedling:

Denne sorten oppstod i England pĂ¥ byrjinga av 1800-talet. Dette eplet vert ikkje moge før i oktober, og er sĂ¥leis mellom dei siste som vert hausta. Eplet eignar seg svært godt i matlaging, men er ikkje eigna som bordeple.

Fosseple:

Norsk sort. Har fĂ¥tt namn frĂ¥ garden Foss i Sogndal, men usikkert om det er her eplet har sitt opphav. Sidan garden hadde fleire utanlandske eigarar pĂ¥ 1800-talet er det truleg innført utafrĂ¥. Svært godt som bordfrukt.

Franskar:

Usikkert opphav. Dyrka pĂ¥ Utne frĂ¥ ca. 1800 og vart mykje planta kring 1900. Haldbart til november. Brukt som vanleg bordfrukt.

Gravenstein:

Vi kan fylgja denne sorten attende til Graasten Slot pĂ¥ Sønderjylland frĂ¥ 1698. Fyrst planta i Noreg pĂ¥ Aga i Hardanger i 1792. Svært god kvalitet, har vore ein dominerande sort i fruktdyrking heilt fram til i dag. Avarten Raud Gravenstein er fortsatt ein av dei fire store eplesortane som vert dyrka i Noreg.

HĂ¥konseple:

Dette eplet kjem frĂ¥ eit tre som vart sĂ¥dd som frø pĂ¥ smĂ¥bruket Sjøtun i Selsvik, Jondal i 1905. Eplet er kalla opp etter han som dĂ¥ var den nye kongen i Noreg, kong Haakon.

Hollandsk Gravenstein:

Mest truleg ein avart av Gravenstein, men sikkert opphav er ukjent. Eplet vart ogsĂ¥ kalla Strutar. Kvisten til dette treet kjem frĂ¥ Fryste (Frøystein) i Ulvik.

Indreseple:

 

James Grieve:

Dette er ein skotsk sort som vart introdusert i 1890. Kom til Noreg i byrjinga av 1900-talet. Vart mykje planta her sidan det er riktberande og gjev ei stabil og stor avling. Treet og frukta er diverre utsett for sjukdom og skurv og fĂ¥r lett støytskader. Det vart difor erstatta med andre sortar som er lettare Ă¥ lagra og har betre haldbarheit. Vert mest brukt til bordfrukt. Sorten er endĂ¥ ikkje planta ut i tunet, men den kjem snart.

Kaupanger:

Truleg norsk opphav. Har venteleg namnet sitt frĂ¥ garden Kaupanger i Sogn, men det vart nok planta tidlegare i Hardanger. Eplet vart Ă²g kalla SkĂ¥leple i Hardanger.

Lena Tidlig:

Ukjent opphav, men er mest truleg ein avart av Rosenstrips.

Lena Sein:
Ukjent opphav, men er mest truleg ein avart av Rosenstrips. Kvisten til dette treet kjem frĂ¥ eit eldre tre som stĂ¥r her i museumshagen pĂ¥ Utne.

Paradiseple:

Ukjent opphav. Eit lite eple som  vart mest brukt til direkte konsum. Mest brukt til syltetøy, hermetikk og som dekorasjon. Kvisten til dette treet kjem frĂ¥ Rogdaberg ved Aga.

Prins/ Prinsar:

Norsk sort, truleg med opphav frĂ¥ Hardanger. Fyrst planta pĂ¥ Brandstveit ved JĂ¥stad cirka 1860. Eplet var svært utbreidd pĂ¥ Vestlandet, men er utsatt for frukttrekreft i fuktige kystomrĂ¥de sĂ¥ det vart erstatta med andre sortar. Prins vert no lite dyrka som salsvare, men stĂ¥r i mange smĂ¥hagar til hushaldsbruk.

Raud Gravenstein:

Avart av Gravenstein. Vart dyrka fram i Washington, USA i 1908 og kom til Noreg i 1925. Framleis mykje dyrka i Noreg. Eplet er av svært god kvalitet og eignar seg godt bĂ¥de som konsumeple og til eplesaft.

Raud Prins:

Etterkomar av Prins.

Raud Torsteinseple:

Ribston:

Enkelsk sort. Vanskeleg Ă¥ fastslĂ¥ nĂ¥r han oppstod, men han er svært gamal. Kom til Noreg ca. 1860. Noko krevjande Ă¥ dyrka.

Rosenstrips:

Ukjent opphav. Godt kjend og mykje dyrka i Hardanger tidlegare. Eplet er opphavet til fleire av sortane som har oppstĂ¥tt i Hardanger. Kvisten til dette treet er henta frĂ¥ Aga.

Sävstaholm:

Svensk sort. Usikkert nĂ¥r han oppstod, men han kom til Noreg rundt 1860. Godt eple, men har kort lagringstid.

Stor Granat:

Sukkereple:

Namnet viser ikkje til ein spesiell eplesort. Gamle epletre fekk ofte namn etter smak eller plassering pĂ¥ garden. Eit epletre med spesielt søte eple kunne difor fĂ¥ namn som «Søtapalen» eller «Sukkerapalen». (Apal er eit gamalt namn for epletre.) Slike tre var ofte planta frĂ¥ frø slik at ein ikkje visste akkurat kva eplesort det var.

Søteple:
SjĂ¥ Sukkereple

Tolleifseple:

Ukjent opphav, men truleg frĂ¥ Hardanger. Kvisten til treet her kjem frĂ¥ Helleland.

Torstein:

Uvisst opphav, men truleg kom den fyrste kvisten til Noreg rundt 1750 frĂ¥ Danmark. Truleg fyrst planta i Opedal, Hardanger  ca. 1760.

Transparente blanche:
Har sitt opphav frĂ¥ Balkan og kom til Noreg rundt 1900. Dette er ein tidleg sort og er moge i august. Spesielt glasaktig fruktkjøt.

Tveiteple:

Har sitt opphav frĂ¥ Tveit i Ullensvang. Vart fyrst planta i 1825.

Ulgeneseple:

Har sitt opphav frĂ¥ Ulgenes i Ullensvang (no Voss). Dette eplet er ei vidareføring av sorten Rosenstrips. Dette er ein lokal sort som stort sett berre vart planta i Hardanger.