Hardangersaum
Finmaska handverk
Her kan du sjå forklebordet som vann pris under Verdsutstillinga i Paris i 1900 (av Brita Skåltveit frå Aga), det mest sirleg utførte draktmaterialet frå den tidlege bunadsfasen, over 200 år gamle skjorter frå folkedrakttida, saum på dukar, hardangersaum frå andre deler av verden mm.
Vi følgjer hardangersaumen gjennom historia, frå renessansens reticella, folkedrakta, norsk prydsaum, til Europa att, til Amerika, Japan og Afrika.
Utstillinga er rikt illustert med bilete som alle er tekne av fotograf Silje Solvi.