– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Fruktdyrking i Hardanger

Fruktdyrking har vore ei viktig næringsgrein i Hardanger dei siste to hundre åra. Det er difor naturleg for Hardanger folkemuseum å samla og ta vare på historia om frukt og fruktdyrking i regionen.

Omkring år 1200 etablerte cisterciensarmunkar frå Lysekloster ved Bergen, ein avlsgard i Opedal i Ullensvang. Munkane hadde kontakt med kloster elles i Europa og herifrå fekk dei frø og plantar som dei kunne dyrka på eigne gardar. Garden i Opedal vart såleis den fyrste i Hardanger som planta både eple, pærer og plommer. Herifrå spreidde fruktdyrkinga seg langs Hardangerfjorden. Det var særleg eple og kirsebær som vart planta i byrjinga, sidan desse er enklast å planta frå stiklingar og rotskot, eller frø.

Munkane hadde kunnskap om fruktdyrking og dei kunne, gjennom sitt nettverk elles i Europa, importera nye artar som også  treivst i vårt klima. Då reformasjonen kom i 1536 vart klostera lagde ned, dermed forsvann ein del av kunnskapen og tilgangen på tre i området. Likevel finn me døme på at fruktdyrking hadde vorte ein næringsveg. Blant anna har me namn på nokre sortar som oppstod i Hardanger i denne tida. Dette viser at det har funnest folk som kunne poda og såleis kunne avla fram eigne sortar.

I byrjinga var fruktdyrking mest til eige bruk, men utover på 1300-talet kan ein, gjennom dokument som arvetvistar, sal av gardar, rettstvistar og liknande, sjå at kommersiell dyrking av frukt fann stad på fleire gardar. Det var likevel ikkje før rundt 1750 og framover, at fruktdyrking vart ei vanleg tilleggsnæring på mange gardar i Hardanger.

Det var i hovudsak eple og kirsebær som vart planta, men òg noko plommer og pærer. Nyplantinga skuldast at fleire i Hardanger lærde seg kunsten å poda nye tre. Dette er ein metode der ein tek rota til eit eksisterande tre og transplanterer ein kvist frå eit frukttre på rota. I Hardanger vart treslaga asal og rogn mykje brukte som rot. Desse treslaga veks vilt i området, og det var difor mykje enklare å få tak i materiale ein trong for nyplantingar og ein kunne bruka rotsystem som ein visste treivst i dette klimaet.

Poding er essensiell for frukttredyrking også i dag. Ved poding vert resultatet ein eksakt klon av det opphavelege treet. Om ein plantar frø frå eit kjernehus kan ein få alt frå ingen tre, via ubrukelege villeple til, ein sjeldan gong, eit tre med den opphavelege frukta. Ved poding får ein i tillegg eit rotsystem på treet som er betre eigna til lokale klima og jordkvalitetar, enn mortreet.

Nyplanta frukttre som er gjerda inne for å beskytta dei for geit og sau.

Fruktdyrkinga var lenge ikkje einaste leveveg for bøndene. Frukttrea vart ofte planta i utkantane av den dyrka marka slik at den beste jorda framleis var til å dyrka fôr til husdyra.

Det er stor skilnad på korleis frukttrea vart dyrka fram før og no. Gamle frukttre var høge med kraftig stamme og stor trekrune. Dette kan ein òg sjå på dei eldste trea som står i museumstunet. Trea fekk stort sett leva sitt eige liv med lite beskjering. Slike tre kan bera mykje frukt, men dei er arbeidskrevjande å stella og å hausta.