Folkemusikk
Landets mest komplette samling eldre hardingfeler
Utstillinga har ei eiga mediatekavdeling der ein kan høyra opptak frå samlinga og fordjupa seg i litteratur om hardingfela og folkemusikken.
Hardanger folkemuseum har ei omfattande samling eldre og nyare hardingfeler. Desse har ein sentral plass i utstillinga. Her kan ein fylgja utviklinga av hardingfela frå dei eldste bondefelene og fram til dagens moderne hardingfele. Her er utstilt fleire instrument av dei namngjetne felemakarane Isak Nilsen Skaar (1663-1759) og sonen Trond Isaksen Flatabø (1713-1772) frå Botnen i Fyksesund. Her er og fleire feler frå den sentrale Hellandslekta i Telemark. Nyare feler er representert ved mellom anna Anders Aasen, Håvard Kvandal og Olav Vindal.
Hardanger folkemuseum var sentral i å etablera det store forskingsprosjektet om datering og dokumentasjon av hardingfeler, det sokalla Hardingfeleprosjektet, saman med mellom anna Ole Bull Akademiet, universitetet i Bergen og Rff-senteret. Prosjektet framskaffa mykje ny kunnskap, også om feler i vår utstilling. Mellom anna synte det seg at ei lita bondefele datert 1710 truleg er hundre år yngre, laga i 1810. Prosjektgruppa oppdaga og ein fiolin i Danmark, bygd av felemakaren Trond Isaksen Flatabø i 1764. Denne vart kjøpt av Sparebanken Hardanger og gitt i gåve til Hardanger folkemuseum. Dette er den eldste norskbygde fiolinen ein kjenner til.
I utstillinga vert ein og kjend med dei rike songtradisjonane frå Hardanger. I tre store smykkeskrin kan ein lesa om religiøse folketonar, innsamling og kjømeisterviser. Me har og vore så heldig å få lånt delar av den store trekkspelsamlinga etter Arnvid Lillegraven frå Granvin kommune.