des. 2020

sun06des(des 6)00:00sun21mar(mar 21)00:00Musea danser!Ei utstilling om dans i Noreg.(des. 6) 00:00 - (mars 21) 00:00

Om arr.

6. desember opnar vandreutstillinga Musea danser i storsalen på Hardanger folkemuseum!
Denne innhaldsrike og mangfaldige danseutstillinga gjev oss mogleigheit til å oppleva noko av dansens historie i Noreg, og dansen i Noreg i dag. Det vert og spedd på utstillinga med lokalt arkivmateriale frå kvar plass sine dansetradisjonar. I utstillinga møter ein gammeldans, springar, tango og swing, og nyinnvandra dansetradisjoner, jazzdans og samtidsdans.
Me danser til mange ulike former for musikk, og me danser av di det er kjekt og opplyftande, me danser for å vise oss fram, og me danser for å flørte. Dansen er kommunikasjon, den er ein del av sjølve livet og har vore det i alle tider og i alle kulturar. Danselokalet er ein fristad med eigne sosiale koder og reglar. Utstillingen vil synleggjera og opplysa om dansetradisjonar, oppmoda publikum til dialog kring den historiske konteksten dansene verkar i, og stimulere til refleksjon over dansens status og sosiale og kulturelle rolle i ulike tidsperioder i Noreg. Korleis, kvifor, kvar og kva tid vart og vert det dansa? Utstillinga kastar og ljos på korleis nye dansetradisjonar har funnet vegen inn i den norske konteksten.
Utstillinga er sett saman av ulike installasjonar og foto, og den levendegjerast med å invitera til deltaking på dansegolvet!
Musea danser er ei treårig vandreutstilling laga av Norsk senter for folkemusikk og folkedans i Trondheim. Startskotet gjekk i 2019, og fyrste stoppestad var Voss Folkemuseum med opning under Vossa Jazz. Utstillinga skal totalt innom åtte museum i heile landet. Ho fekk ei ufrivillig pause ved utbrotet av koronapandemien, men no svingar ho seg att.
Kom og dans me oss!
Meir info om opningsarrangement og nøyaktig tidspunkt kjem!

Tid

Des. 6 (Sundag) 00:00 - Mars 21 (Sundag) 00:00

Stad

Hardanger folkemuseum

Museumsvegen 36, 5778 Utne

Opningstider

25. august-18. desember:
Tys-fredag kl 9-15

Kontakt

Museumsvegen 36, 5778 Utne
Tlf: 474 79 884
E-post: post@hvm.museum.no

Sosiale media

Følg oss på Facebook og Instagram

Opening hours

August 25-December 18:
Tues-Sunday 9 AM-3 PM

Contact

Museumsvegen 36, Utne

Tel: +47 474 79 884
E-mail: post@hvm.museum.no

Social media

Follow us on Facebook and Instagram

X