– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

juli 2021

Det er eit repeterande arrangement

tys13jul(jul 13)11:00tys17aug(aug 17)14:30KrotakakebakingEldhuset i museumstunet11:00 - (aug. 17) 14:30

Om arr.

Kvar tysdag i juli bakar me tradisjonsbakst – krotakaker – i eldhuset i museumstunet. Frå ca 11:00 – 14:30.

Me startar opp tysdag 6. juli, og held fram til tysdag 10. august.

Kom og sjå dei røynde bakstekonene i aksjon! Du kan kjøpa baksten direkte i eldhuset, eller i museumsbutikken. På grunn av stor etterspurnad etter denne eksklusive vara er me nødt til å settja nokre begrensningar, slik at flest mogeleg får nyta godt av tilbodet. Maks 5 kaker per person ved kjøp i tunet. Du kan og førehandstinga maks 10 kaker per person. Om ein treng meir enn dette kan ein høyra med bakstedamene rundt klokka 14:00. Då veit dei cirka kor mykje kaker som er igjen og kan selja ut resten.

Krotakaker er tradisjonsrik kost i Hardanger. Kakene liknar flatbrød, men deigen er laga av rugmjøl, vatn og gjær, og dei rutast med eit særskilt kjevle Nytast turre eller bløytte, med til dømes smør og sukker, prim, eller og til saltmat. Prøv dei og til wrap!

 

Tid

Juli 13 (Tysdag) 11:00 - Aug. 17 (Tysdag) 14:30

Stad

Hardanger folkemuseum

Museumsvegen 36, 5778 Utne

Opningstider

22. mai-31. august: Tys-sundag kl 11-16
1. september-17. desember: Tys-fre kl 9-15

Kontakt

Museumsvegen 36, 5778 Utne
Tlf: 474 79 884
E-post: post@hvm.museum.no

Sosiale media

Følg oss på Facebook og Instagram

Opening hours

May 22-August 31: Tues-Sunday 11 AM-4 PM
September 1-December 17: Tues-Friday 9 AM-3 PM

Contact

Museumsvegen 36, Utne

Tel: +47 474 79 884
E-mail: post@hvm.museum.no

Social media

Follow us on Facebook and Instagram

X