september 2019

20sep(sep 20)09:3022(sep 22)14:00Kurs hardangersaumLær å sy hardangersaum slik me gjer det i Hardanger!

Les meir

Om arrangementet

Hardanger folkemuseum inviterar til helgekurs i hardangersaum 20. – 22. september 2019. Kursa inkluderer både omvising, foredrag, besøk på tekstilmagasinet og overnatting på ærverdige Utne hotel.Like tilbake til 1600-talet har kvinner i Hardanger sydd hardangersaum som en del av den lokale draktskikken. Sidan har interessa for dette vakre broderiet spreidd seg til store delar av verda. Hardanger folkemuseum arrangerer kurs i hardangersaum. Lat våre kurslærarar ta deg med til hardangersaumens arnested, og syna deg saumens løyndomar.

Kurs i hardangersaum inkluderer tre dagars kurs med omvisingar, foredrag, magasinbesøk, overnatting, frokost, lunsj og middag.

Tidspunkt
20. – 22. september 2019. Påmelding innan 5. september 2019.

Andre tidspunkt kan avtalast, me arrangerar kurs for grupper heile året.
Ved færre 5 påmeldte deltakarar kan kursa verta avlyste.

Prisar
Kurs med overnatting i dobbeltrom og fullpensjon 6.690,-
Enkeltromstillegg 1.210,-
inkluderar kursavgift, overnatting tre netter og alle måltid fredag til sundag.
Kursmateriell kjem i tillegg, alt etter kva ein vel å sy.

Alternativ utan overnatting
Kurs dagtid og lunsj tre dagar 2.900,-

For meir informasjon, kontakt Agnete Sivertsen, tlf 47 47 98 84/95 93 46 98,

Program hardangersaumkurs 2019

Tid

20 (Fredag) 09:30 - 22 (Sundag) 14:00

Stad

Hardanger folkemuseum

Museumsvegen 36, 5778 Utne

Kontakt
Museumsvegen 36, 5778 Utne
Tlf: 474 79 884
E-post: post@hvm.museum.no
Nyhendebrev
Meld deg på nyhendebrevet vårt og motta informasjon om det som skjer ved Hardanger folkemuseum!
Opningstider
Vinter
2. jan-30. april og 2. sept-20. des:
Mån-fredag kl 9-15

Sommar
2. mai-1. september:
kl 10 - 17 alle dagar
X