oktober 2019

05okt(okt 5)09:3006(okt 6)16:30Helgekurs: Bringklut i smøygLær å sy smøyg

Les meir

Om arrangementet

I samband med utstillinga 1000 bringklutar arrangerer Hardanger folkemuseum og Folgefonn husflidslag kurs der me tek for oss dei ulike teknikkane som er nytta til bringklut. På dette kurset får du læra å sy smøyg. Ein vel sjølv om ein vil sy bringklut, eller svartsaum til skjorte eller kaps.

Smøyg er ein svært gamal broderiteknikk, som i utsjånad liknar på veving. Den har vore mykje nytta på bringklutar, og er førebiletet til dei vevde bringklutane mange nyttar i dag. Smøyg har og vore nytta på skjortekragar og på kaps, då som svartsaum.

Kurslærar er konservator på Norsk folkemuseum, Kari-Anne Pedersen. Ho har mellom anna jobba mykje med broderi på skjorter frå Telemark, som har svært forseggjorte smøygbroderi.

Kurset vert laurdag 5. og sundag 6. oktober, på Hardanger folkemuseum, kl 09.30 – 16.30.

Påmelding til /474 79 884 innan 24. september

Pris: Kr 2000,- for medlemer i Folgefonn/Norges husflidslag, 2500 for ikkjemedlemar. Kurset inkluderer kaffi, kaker og varm lunsj begge dagane.

Tid

5 (Laurdag) 09:30 - 6 (Sundag) 16:30

Stad

Hardanger folkemuseum

Museumsvegen 36, 5778 Utne

Kontakt
Museumsvegen 36, 5778 Utne
Tlf: 474 79 884
E-post: post@hvm.museum.no
Nyhendebrev
Meld deg på nyhendebrevet vårt og motta informasjon om det som skjer ved Hardanger folkemuseum!
Opningstider
Vinter
2. jan-30. april og 2. sept-20. des:
Mån-fredag kl 9-15

Sommar
2. mai-1. september:
kl 10 - 17 alle dagar
X