Sjonaleist strikkepakke

Strikkepakke sjonaleistar

I museumsbutikken vår kan du kjøpa strikkepakkar til sjonaleistar. Pakkane inneheld alt du treng for å strikka desse vakre bunadsokkane.

Sjonaleistar er ankelsokkar som høyrer til draktskikken i Hardanger og på Voss. Dei vart nytta både av kvinner, menn og born.
Kring ankelen har dei ein fleirfarga mønsterbord strikka i tveband, medan resten av sokken er kvit.

 

Pakken inneheld:

  • 1 mønsterhefte med oppskrift på m.a. 6 ulike mønsterbordar og 3 hæltypar, tips til tilpassing av sokken
  • 100 g norsk lamull til sokken
  • Ca. 100 g fint, 5-tråds kamgarn til mønsterborden
  • Kvit lintråd til bruk i mønsterbord
  • Raudt ullstoff til kanting
  • 4 par messinghekter
  • 1 sett strømpepinnar i stål, 1.25 mm
  • 1 sett strømpepinnar i aluminium, 2.0 mm

I tillegg:

  • 1 handlaga pinnehaldar i tre
  • Fint, svart bomullsnett med påskrifta #sjonaleistar i raudtPris: Kr 795,- pr pakke
    Levering: Om du ynskjer pakken tilsendt kan du fylle ut kontaktskjemaet under, eller kontakte oss: Tlf 474 79 884 / epost

     

    Betaling: 
    Faktura eller Vipps
    Frakt- og forsendingutgifter tilkjem.


Mønsterdelen av sokken er laga i tvebandstrikk. Her finn du link til ein liten film som synar korleis ein legg opp til tvebandstrikk, eit opplegg som òg passar fint til anna strikking: https://vimeo.com/283390781

Her er ein film der du kan sjå korleis ein kan strikka tveband med fleire mønstertrådar: https://vimeo.com/283408535

Bestill din strikkepakke

Under ser du to filmar knytt til strikking av sjonaleistar:

  • Mønsterdelen av sokken er laga i tvebandstrikk. Sjå korleis du kan legga opp til denne typen strikkearbeid.
    Opplegget passar ògfint til anna strikking.
  • Sjå også korleis du kan strikka tveband med fleire mønstertrådar.

    Lukka til!

Opningstider

25. august-18. desember:
Tys-fredag kl 9-15

Kontakt

Museumsvegen 36, 5778 Utne
Tlf: 474 79 884
E-post: post@hvm.museum.no

Sosiale media

Følg oss på Facebook og Instagram

Opening hours

August 25-December 18:
Tues-Sunday 9 AM-3 PM

Contact

Museumsvegen 36, Utne

Tel: +47 474 79 884
E-mail: post@hvm.museum.no

Social media

Follow us on Facebook and Instagram

X