Gerhard Munthe

Eventyrlige interiører

12.1.20 – 15.3.20 VANDREUTSTILLING: EVENTYRLIGE INTERIØRER

Ei vakker vandreutstilling og ein verdskunstnar kjem til Hardanger i vinter!

Frå 12. januar til 15. mars husar me den vakre utstillinga Gerhard Munthe. Eventyrlige interiører. Denne vil du ikkje gå glipp av!

Utstillinga er i regi av Nasjonalmuseets landsdekkende program, og er laga i samarbeid med kuratorene Widar Halén og Jan Kokkin.

Gerhard Munthe var ein særeigen kunstnar, og er mest kjend som biletkunstnar. Men det var kanskje innanfor områda interiør og design han gjorde sitt mest betydningsfulle og mest nyskapande arbeid. Munthe var inspirert av japanismen, syntetismen og art nouveau, men han var først og fremst nasjonal i sin kunst. Både oldtid og folkekunsten har sett djupe spor i Munthe sine verk og design. Han ynskte seg attende til det heimlege, det norske – og henta inspirasjon frå norsk natur, segn, myter og eventyr til mellom anna vevnadar, tapet, møblar, porselen og veggdekorasjonar.

Munthe gjorde ein tydingsfull innsats innanfor romutsmykning og interiør:
Håkonshallen i Bergen, Eventyrværelset på Holmenkollen Turisthotell, Kunstindustrimuseet i Oslo, Strand gård i Numedal og Cath. Bangs spisestue i Kristiania er mellom dei største. Til desse interiøra laga han ikkje berre veggutsmykningar, men teikna og møblar, dører og anna inventar. Slik vart desse arbeida blant landets første Gesamtkunstwerk.

Han virka på den internasjonale scenen og hadde «et ord og en stemme med i verdenskonserten», som kunsthistorikaren Andreas Aubert uttrykte det.

Saman med fleire samtidige kunstnarar i Europa, bana han vegen for den abstrakte og modernistiske kunsten på byrjinga av 1900-tallet, og han reknast i dag som ein av dei mest radikale art noveau-kunstnarene rundt århundreskiftet.

Denne vandreutstillinga gjev eit godt innblikk i Munthe sin endelause fantasirikdom og originalitet, og ikkje minst breidda i skapargjerninga hans.

Fleire originalverk er med i utstillinga. Eitt eksempel er Eventyrstolen (1898), som opprinneleg sto i Eventyrværelset på Holmenkollen Turisthotell. Dette hotellet brann diverre i 1914 – og berre nokre få gjenstandar vart redda ut. Interiøret Munthe skapte for Håkonshallen i Bergen i åra 1910-1916 brann i 1944. Fleire reproduksjonar frå Håkonshallen er med i utstillinga, mellom anna den store Kristina-frisen – ei biletforteljing om prinsesse Kristina, syster til Magnus Lagabøte, si ferd til Castilla på midten av 1200-talet – der ho skulle gifta seg med kongens bror.

Publikum får og høve til å prøve seg på veving i utstillinga. Ein vevstol er er sett opp, og for kvar utstillingsstad veks vevnaden. Munthe teikna mykje for vev, og har vore ein viktig person for vevekunsten i Noreg. Kona hans Sigrid var ei dyktig veverske og har vevd fleire av hans design, i likheit med kjende namn som Frida Hansen og Augusta Christensen.

I tillegg til originalverka, vert ei rekke reproduksjonar og fotografi av Munthe sine viktigste romdekorasjonar viste, til dømes frå kunstnaren sin eigen heim, Leveld på Lysaker, Strand gård i Numedal, og altså Håkonshallen. Utstillinga inneheld ein imponerande animasjon over Munthes omfattende dekorasjonar i Håkonshallen, der ein får eit inntrykk av heilskapen i dei utsøkte veggmaleria, glassmaleri, portalar, benkar med hyndetrekk (putetrekk), eit musikkgalleri og den nemnde Kristina-frisen.

Samtidskunstnaren Anders Smebye har i tillegg laga en intervensjon med Munthe sitt verk Svømmende Havmenn (frå Håkonshallen), i form av eit stort teppe.

Det er laga ein førar til publikum i utstillinga, og det følgjer også med eit eige aktivitetshefte for born og unge til utstillinga.

Me tilbyr omvisingar, og opplegg for skular og barnehagar som ynskjer å sjå denne vakre utstillinga.

Kontakt
Museumsvegen 36, 5778 Utne
Tlf: 474 79 884
E-post: post@hvm.museum.no
Nyhendebrev
Meld deg på nyhendebrevet vårt og motta informasjon om det som skjer ved Hardanger folkemuseum!
Opningstider

Jol: Ope t.o.m. 20.12.19 og f.o.m. 02.01.20.

Vinter
2. jan-30. april og 2. sept-20. des:
Mån-fredag kl 9-15

Sommar
2. mai-1. september:
kl 10 - 17 alle dagar

Contact
Museumsvegen 36, Utne
Tel: +47 474 79 884
E-mail: post@hvm.museum.no
Newsletter
Subscribe to our newsletter featuring news about our museums, exhibitions, activities and more
Opening hours
Winter
Jan 2-April 30 and Sept 2–Dec 20:
Mon-Friday 9 AM–3 PM

Summer
May 2–September 1:
10 AM–5 PM all days
X